Utla består av den doble Spellemannpris-vinnaren Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (munnharpe, slagverk, perkusjon) og Karl Seglem (tenorsax, bukkehorn). Trioen har eksistert siden 1991, har gjeve ut fleire CDar, og turnert store deler av Norge og Europa.

Utla  må reknas som eit føregangsband når det gjeld improvisasjon kobla med tradisjonell norsk folkemusikk. Dei debuterte på CD i 1994 med ”Brodd”, og har sidan gjeve ut ”Juv” (1997), ”Dans” (1999) og ”Song”. Bak dei stutte titlane finn vi musikk som rørar seg mellom folkemusikk, jazz og verdsmusikk, der det og er mykje rom for eksperiment og improvisasjon. Berit Opheim Versto har óg gjesta trioen ofte, både på plate og turnéer.

Også internasjonalt har Ulaa hausta mykje ros. Vi kan som eit døme på dette trekke fram denne omtala frå det leiande avant garde-magasinet The Wire: "Instead of Garbarek-like wide open spaces, Utla create a dense, almost martial feel -dance music for medieval armies of fighting monks, perhaps”. Eller dette frå amerikanske RootWorld:  "This trio is like little else in the Nordic musical scene.  They generate their power by sheer will and human force, eschewing studio trickery for simple, raw energy".

No spelar Høgemo, Isungset og Seglem igjen to konsertar, etter ei lengre pause. ”Fugl Fønix flyr!” er den poetiske tittelen Gabriel Fliflet i Columbi Egg har satt som overskrift for konserten i Bergen. Han skriv vidare:

"Året 1992 kom trioen Utla til verden med et brak. Lyden av braket varte ganske lenge, men nå har det vært stille noen år. På Columbi Egg smeller de til igjen! Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem er alle blant Norges mest særpregede musikere. Utla er deres særpregede felleshus, hvor tradisjon møter improvisasjon og det meste kan skje.”
 

I tillegg til konserten på Columbi Egg i Bergen, spelar trioen óg på Rikscenen i Oslo. Vi skulle tru at dette er to tilskipingar som mange jazz- og folkemusikk-interesserte gjerne vil få med seg.
 

Mini-turné med Utla:

Torsdag 31. mars

  • Riksscenen, Schous kulturbryggeri, Oslo
  • Dørene åpner: kl.20.00

Mandag, 4. april

  • Columbi Egg på Augustin Hotel, Bergen
  • Dørene åpner: Kl. 20.00
     

Heimesida til Riksscenen finn du her. Heimesida til Columbi Egg ligg på denne sida hos FolkOrg.