I januar 2009 hadde Det Norske Teatret premiere på ”Andvake”, ei teaterframsyning basert på Jon Fosses roman.frå 2007. Benedicte Maurseth komponerte musikken til framsyninga, og fekk gode kritikkar for det. Ho spelte den óg inn på si første solo-CD, ”Alde” på Grappa. Her stod ho sjølv for utøvinga på hardingfele, viola d’amore og vokal.
”Det er som det skal være at Benedicte Maurseth har laget tonefølge til teksten Andvake. Med sitt rolige og ujålete nærvær spiller hun historien fram, gjenskaper stemninger og akkompagnerer hendelser. Ikke hele tida og slett ikke påtrengende, men med et suverent grep om den folkemusikktradisjonen hun står i", skreiv Liv Riiser i Vårt Land.
Jon Fosse har sjølv sagt om musikken til Maurseth: ”Eg trur det har noko med det dei som har levd føre meg, og som eg kjem frå, har å seia meg. Det er også lyden av deira liv eg høyrer, som det òg er lyden av mitt liv. For meg, slik kjennest det ut, er det hardingfelemusikken som best tek vare på mine døde, til dømes slik den lèt seg høyra på Benedicte Maurseths CD ”Alde”.
Benedicte Maurseth kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal, med Knut Hamre som læremeister. Spesialfeltet hennar er tradisjonsmusikken frå Hardanger.
Riksscena skriver at det vert boksignering etter konserten, som har innslepp frå klokka 19.30. Seinare på kvelden speler Bærum spellemannslag til dans. Framsyninga er i samarbeid med OsloFOLK, og er del av dei faste ”Folk på torsdag”-arrangementene på Riksscenen.
Sal av billettar skjer via www.riksscenen.no, eller ved døra. Du kan lese meir om Benedicte Maurseth på denne heimesida.