Grepa består av Ingebjørg Sørbøen, Margit Myhr, begge frå Ål, Ida Furusæter frå Ringebu, og Kari Finne Sognnæs frå Voss. Dei fire er alle studentar ved Ole Bull Akademiet, og kunne ta med seg sjekken på 15 000 kroner, som skal gå til ein konsertproduksjon med urframføring på Den Norske Folkemusikkveka i 2012.
Kraftselskapet E-Co ønskjer å stimulere til tradisjonsformidling, nyskaping og utvikling av nye produksjonsformer, og har difor sett opp eit stipend som gjev ein folkemusikar/-dansar eller ei folkemusikkgruppe moglegheit til å lage ein produksjon ved Folkemusikkveka året etter.
Dette stipendet er også eitt av fleire tiltak som er med på å styrke Den Norske Folkemusikkveka som ein arena for unge utøvarar, som gjennom slike oppdrag får eit profesjonelt møte med publikum.
Fanitullprisen til Gjermund Larsen
Fanitullprisen er ein ettertrakta vandrepokal, som er sett opp av Olav Thon. I år var det Gjermund Larsen, Per Anders Buen Garnås og Gro Marie Svidal som møtte kvarandre i finalespelet under Den Norske Folkemusikkveka. Hallingdølen melder om høgt nivå i konkurransen, der Gjermund Larsen til sist vann med musikk etter Hilmar Aleksandersen.
Tidlegare vinnare av Fanitullprisen dei siste åra har vore Per Anders Buen Garnås (2005), Einar Olav Larsen (2006), Aslak O. Brimi (2007), Olav Luksengård Mjelva (2008), Ingebjør Sørbøen (2009) og Jan Beitohaugen Granli (2010).
Vi tek òg med at Ingebjør Sørbøen lanserte debutplata "Fri fuggel" under folkemusikkveka.
Fleire saker om Folkemusikkveka 2011 finn du øverst til venstre på denne sida. Ein større biletserie frå dette årets festkonsert, fotografert av Sigmund Krøvel-Velle, finn du på denne sida hos Hallingdølen.