Om framsyninga skriv gruppa:
"Den menneskelege verda er både fysisk og metafysisk. I eine augneblinken sit vi tett saman og opplever kvarandre puste, for så å møtast att i den virtuelle verda via facebook, msn, eller twitter. Kva vil det seie å kome saman i vår tid? Kva har vi mista på vegen frå det sosiale dansegolvet og over i den multimediale tidsalder? Kva har vi fått med oss? Framsyninga syner spennet mellom menneske si leiting etter nærleik, venskap og ekte kjærleik og kampen for å kome laus frå ein lysande dataskjerm."
Framsyninga er eit samarbeid mellom Danseru’, Talentskulen i Prestfoss og Folkemusikkveka på Ål.
Danseru’ er eit folkedansprosjekt for ungdom i vidaregåande skule med tilhaldsstad i Buskerud. Prosjektet er del av Bygda dansar og over 75 ungdomar er registrert Prosjektet tok til hausten 2009 og vert avslutta sommaren 2012.
Målsetnaden er mellom anna å legge til rette for danseaktivitet i lokalmiljøa, stimulere eksisterande miljø, rekrutere nye folkedansarar, stimulere og rettleie ungdom til å nytte folkedans som samværsform og som kunstnarleg uttrykk i mellom anna profesjonelle sceniske framsyningar.
Talentskulen er eit prosjekt for unge felespelarar i Buskerud. Prosjektet gjev ungdom oppfølging og rettleiing i tradisjonell folkemusikk. Deltakarane får individuell og gruppeundervisning. Kvart år vert avslutta med ei større konsert eller scenisk produksjon.
- Medverkande: Danseru’
- Musikk: Talentskulen i Prestfoss
- Koreografi og regi: Gro Marie Svidal og Martin Myhr
- Lysdesign: Sture Moslåtten
- Stad: Ål kulturhus, storsalen, kl.18:00
- Arrangør: Folkemusikkveka på Ål
Interesserte kan lese meir om Danseru' og Bygda Dansar-prosjektet på denne sida. Heile det omfattande programmet til Folkemusikkveka 2011 finn du på denne lenka.