Opninga av Folkemusikkveka 2011 har fått sin eigen artikkel, så her fokuserer vi på resten av arrangmenta, der tilboda mildt sagt står tett i tett.
Måndag 23. mai er det duka for konsert med ein av festivalsommarens mest etterspurte gitaristar. Heim til Ål kjem nemleg Lars Håvard Haugen & the Truth. Hellbilliesgitaristen er aktuell med sitt eige soloprosjekt, instrumentalplata ”Six strings and the truth”. For første gong står han på scenen i Hallingdal som soloartist saman med eigen trio.
Onsdag 25. mai er det Hemsedal og Fausko skysstasjon som er arena for musikalsk og humoristisk vårslepp med Hallgrim Berg, Jan Beitohaugen Granli og Thorleif Stave. Tradisjonen tru er torsdagen vigd Kyrkjekonserten. Til Ål Kyrkje kjem Einar Olav Larsen og Frigg, saman med songarane i Ål-koret, Brelett og Tapas. Seinare på kvelden blir det folkemusikkquiz og mannskor for alt det er verdt, med B-karadn, Kor for uss og Mannskoret Stjernen.
Både fredagen og laurdagen blir det tilskipingar program frå tidleg morgon til seint på natt. Vi kan i farta nemne kurs i hallingspringar og gammaldans, dugurdsdans på Sundrehall, plateslepp med Ingebjør Sørbøen, hallingspel på Sundrehall med bl.a. Øyvind Brabant og Olav Luksengård Mjelva og konsert med unge toradertalent.
Festivalkvelden fredag byr først på svensk strengemøte, med virtuosane Johan Hedin og Esbjørn Hazelius, på nyckelharpe, gitar, mandolin og vokal. Og deretter spellemannprisvinnar Sigrid Moldestad og bandet hennar med konserten Sandkorn.
Fredagskvelden blir avrunda med bygdedans på hotellet og rock på Sundrehall. Spelemennene kjem frå fleire ulike distrikt i landet. På Sundrehall er det røros-ålingen Olav Luksengård Mjelva i spissen for folkgruppa Sver som dreg lasset saman med gruppa Paranoid James,med røter på Nesbyen.
Laurdag 28. mai startar med folkemusikkfrukost på nyopna Kafe Fryd, akkompagnert av trekkspelmusikk ved Ole Anders Nybakken. Seinare på føremiddagen er det konsertmøte der dei unge talenta Helga Myhr, Sivert Holmen og Hans Kjorstad får presentert seg.
Gjermund Larsen Trio tek hand om tidleg ettermiddag, før den tradisjonelle, elleville Bygdamønstringa markerer at innspurten er i gang. Oppspel til Fanitullkappleiken følgjer deretter, med finalespelet som ein del av den tradisjonelle Festkonserten laurdag kveld, der publikum dessutan får endå eit møte med ein del av dei beste utøvarane som har vore i aksjon fredag og laurdag.
Laurdagskvelden blir avslutta med gammaldans til Helge Hysjuliens orkester.
Sundag 29. mai er Geilo Kulturkyrkje arena for folkemusikkgudsteneste, med blant andre Sigbjørn Apeland, Einar Olav Larsen, Jo Asgeir Lie og kor. Seinare er det som vanleg Familiedag på Ål Bygdemuseum før folkemusikkveka blir avslutta sundag kveld med danseforestillinga ”Møte” med Martin Myhr, Solveig Hårdnes og Einar Olav Larsen og ”Absolute wall” med Ola Stinnerbom.
Programmet for heile veka finn du her: www.folkemusikkveka.no/Program.html. Folkemusikkveka 2011 tek offisielt til sundag 22. mai, med ein solid tjuvstart dagen før. Dette kan du lese meir om her.