Kan ein snakka om rett og feil stilkjensle?

«Nei, det kan ein ikkje etter mi meining. Stilkjensle er personleg, og noko ein utøvar tenkjer om si eiga musikkframføring. Du pratar ikkje om stilkjensla til andre. Det ein kan snakka om er om ein utøvar har ein karakteristisk stil eller ikkje.»
Aslak O. Brimi


«Stilkjensle er eit breidtt område; det finst mange ulike stilkjensler innan ein stil. Men det hender eg høyrer musikarar eg meiner har misforstått stilen. Korvidt det er negativt, vil variera.»

Åse Teigland


«Ja, det kan ein nok, sjølv om ein bør vera merksam på at den stilkjensla ein seier er rett, stort sett vil vera den fleirtalet av ‘miljøet’ meiner er rett. Går ein meir inn i det, og ser på frasering og andre spesifikke kjenneteikn, trur eg likevel at ein vil kunna finna stiltrekk som er i tråd med tradisjonen – på eitt bestemt tidspunkt – og nokon som ikkje er det.»

Frode Rolandsgard


«Eg synest det ofte vil vera kunstig å snakka om rett eller feil stilkjensle. Det er heller større eller mindre grad av rom for tolkningar, stundom kan det òg dreia seg om kjensler heller enn fakta. Folk
har ulike haldninger til tradisjonar og skikk og bruk. Av og til er det godt å ‘gje blanke’, bruka slagstøvlar til smokingen og grillkrydder på lutefisken! Det er snakk om å kjenna stilen og så velja om ein held seg til den, eller – om ein er ukjend med stilen –lagar sin eigen heller enn å innretta seg. Personleg stil er jo òg eit omgrep, den kan vanskeleg kallast rett eller feil.»
Stein Villa


«Stil er like mykje eit forhandlingstema som eit observerbart faktum. Dermed er det vanskeleg å tenkja seg at nokon objektivt kan definera kva som er rett og gale. Hevdar ein at nokon manglar
stilkjensle, kan det like gjerne handla om at ein er usamde om korleis noko skal vera.»
Tellef Kvifte


«Eg meiner generelt at høg kunnskap er viktig. Men eg ynskjer ikkje å setja grenser for rett og feil i høve til kollegene mine. Snarare synest eg det er viktig at me tillet kvarandre å vera i ei utvikling. Me kan ikkje ha livsvisdomen og stilkjensla til ein 80-åring før vi er 80 sjølve. Derfor er eg meir oppteken av at me diskuterer dei ulike metodane me lærer tradisjonane på, og konsekvensane av desse. Me har i dag nye levemåtar og nye læreformer. Me har ulike utdanningssystem, somme av oss lever av å vera musikarar, andre brukar folkesongen internt i familien, i mindre miljø eller på kappleik. Eg trur dette har konsekvensar for kva motiv vi har for å læra oss musikken, korleis vi forheld oss til tradisjonane,
og for kva det musikalske resultatet blir. Eg trur det er viktig å ta med slike utanommusikalske verdiar i debatten. At me diskuterer kva som er ‘innanfor og utanfor’, trur eg er ein direkte konsekvens av at denne samtalen har vore fråverande fram til no.»
Unni Løvlid


«I den vokale folkemusikken er det like mange musikalske dialektar og nyansar som det er språklege. Men om ein går attende til dei eldre kjeldene, er det òg mykje felles. Det tradisjonelle syngestilen er meir talenær og fri med tanke på uttale, tekstflyt og rytme enn det som er ideala i klassisk og moderne song. I tillegg kjem ulike typar ornamentering og bruken av naturtoneskala eller såkalla svevande
intervall, som er meir eller mindre uttalt i ulike område. Om ein utøvar er for mykje påverka av ‘vanleg’ song, er det som regel snakk om folkesong berre i repertoaret og nokre få lausrivne element. Somme vil kan hende kalla det ‘feil stilkjensle’. Eg ville heller seia at det ikkje er tradisjonell folkesong, men noko anna. Kan hende ein skulle byrje å snakke om tradisjonell og moderne folkesong.»
Ingvill Marit Buen Garnås


«Eg tenkjer at ein skal strekkja seg langt før ein definerer rett og gale, sidan stilkjensla er så personleg. Men det spørs på kva nivå ein er. Eg har opplevd klassiske fiolinistar som har gått på slåttekurs og som har funne det enkelt, sidan slåtten ikkje var teknisk vanskeleg. Sett utanfrå tek eg meg i å tenkja at dei ikkje har skjøna nokon ting – det høyrest ikkje ut som folkemusikk.»

Jorun Marie Kvernberg
 


Er det spesielle stilelement som bør vera til stades før ein kan seia at ein utøvar framfører noko med stilkjensle?


«Eg steller mykje med tidleg musikk, gjerne på instrument som har vore ute av bruk i tradisjonen i hundrevis av år. Stilkjensla her må dreia seg om å nytta instrumenta på måtar det er sannsynleg at
dei vart brukte, og med musikalske uttrykk me kjenner oss fortrulege med, ut ifrå det me kjenner av musikken me har i levande tradisjon. Samstundes ‘bur’ det uttrykksmåtar i desse instrumenta, som ulike ornamenteringsteknikkar, som indikerer at musikken den gongen nødvendigvis må ha høyrtes annleis ut enn dagens tradisjonsmusikk.»
SV


«For ein lyttar handlar det vel om at ganske mange av dei sjangerspesifikke teikna skal vera med. Om dei manglar, eller du får ei kjensle av at dei er erstatta med stiltrekk frå dømevis pop eller klassisk, blir musikken opplevd mindre folkemusikk-aktig. Eg synest ein merkar det når musikarar skal spela moderne folkemusikk. Dei som har ei solid tradering i bånn fengjar meg meir enn musikarar som kjem frå ein annan sjanger og som prøver å spela folkemusikk.»

FR


«Eg trur det er delte meiningar om kva som er betydingsberande element innanfor eit uttrykk. Sjølv freistar eg finna ut kvifor og korleis ting groovar og ser alle musikalske element som bidragsytarar til den totale grooven. Det må groova på alle nivå. Det er i alle fall slik eg opplever den musikken eg sjølv likar å høyra på.»

Anders Røine


«Når eg lyttar til arkivopptak eller går i lære hjå nokon, opplever eg eit enormt mangfald av stemmekvalitetar og måtar å tenkje folkesong på. Eg skulle ynskje me torde gje rom til det mangfaldet, og å gje rom for at me alle er i ei utvikling.»

UL


«Dette er for meg eit underleg spørsmål, då eg meiner at stilkjensle er noko du har for din eigen musikk og ditt eige musikkuttrykk. Du snakkar ikkje om andre si stilkjensle. Du pratar om stil; i kva
grad ein utøvar har sin stil, og i kva grad han er trygg i denne. For meg er det heilt unaturleg å seia noko om stilkjensla utøvaren har. Eg ville aldri ha snakka om Hilmar Alexandersen si stilkjensle, men om stilen og uttrykket han hadde i musikken.»
AOB


«Den tradisjonelle syngjestilen må liggje i botnen. Eit av kjenneteikna på ein lite stilmedveten folkesongar er at ho/han fokuserer mykje på å ornamentere eller ‘krulle’. Krullane hamnar gjerne på feil stader og stykkjar opp som små ‘knekkar’ i staden for at dei glir naturleg inn og stør oppunder linene i songen. I tillegg manglar som regel det frie drivet og den rette tekstlege spensten, særleg dette med å binda strofene saman i eit større dynamisk heile. Det blir ofte alt for stakkato og line for line, som om det vart sunge frå eit ark eller til eit akkompagnement. For dei av oss som er opptekne av tonalitet, spelar det sjølvsagt òg ei rolle at ho/han meistrar den gamle skalaen på ein naturleg og gjennomført måte.»

IMBG


«Eg trur det er viktig at ein har gjort seg opp ei meining om ulike musikalske dimensjonar, som for eksempel klang, ornament og rytmikk. Eg trur at det er ein fordel om ein har skaffa seg kunnskapen på grunnlag av mange lydeksempel eller gjennom ein læremeister. »

JMK


«Stilkjensle oppnår ein gjennom øving og samhandling. Ein må beherska instrumentet på eine sida, men ein må òg beherska omgjevnadene. Du får ikkje stilkjensle berre ved å høyra på andre,
du må òg samhandla.»
Tellef Kvifte

 

// Del III av artikkelen vert publisert mandag 1. mars

 

Ida Habbestad (f. 1980): Utdanna fløytist ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho har arbeidd som konsertprodusent, og er no journalist i ballade.no og konsertmeldar i Dagsavisen.