Sjølvaste fredag 13. Mai blir det konsert med Jon Halvor Kvamme, Jo Fredrik Øiamo, Eilev Øverbø, Kristina Farstad Bjørdal, Fiin Gammel Aargang og Lom Trekkspelklubb. Det blir òg Folkemusikkpub på Fjoset etter konserten,der folk gjerne må ta  ta seg med instrument. Konserten byrjar klokka 20, og er lagt til Nordal Turistheim i Lom.
 
Neste dag er det temakonsert, som i år  er med musikk etter Lars Haugtrædet . Her medverkar m.a. Ragnar Øyjordet, Jan Fyrun, Rolv Brimi, Lom Spelmanslag, 5.kl på blokkfløyte, Arnstein Fjærdingren og Bjørn Turtums Gammeldansorkester. Denne tilskipinga går føre seg laurdag 14. mai, med start klokka 18.
 
Aslak O. Brimi har i samaband med konserten skrive litt om Lars Haugtrædet:

- Lars Haugtrædet er eit namn som mange av oss i folkemusikkmiljøet har høyrt om. Ikkje fordi vi nødvendigvis veit så mykje om kven han var, men fordi nokre leikar i tradisjonen vår refererast attende til han. Det er gode leikar, som  kjem frå dei få som lærte av Lars, eller frå opptak som vart gjort av han.

Lars Haugtrædet vart født i Skjåk i 1898. Han var nummer sju i ein syskenflokk på ni på Haugtrædet, eit lite sted ovanfor Sygard Gjeilo.

- Tre systre reiste, som så mange andre fyrst på 1900-talet, til Amerika. Men Lars vart buande her, skriv Brimi. - Fyrst ulike stader i Skjåkbygda, både i Lundagrenda og i Bismo, og  ei tid på 50-talet forpakta han øvre Krogstad i Reppen. Fyrst på 60-talet kjøpte han eit småbruk på Grafferhaugen øvst i Vårdalen. Han var bygdaslaktar og skomakar, og ikkje minst glad i å gå i fjellet.

- Eg har sjølv berre høyrt opptak der Lars Haugtrædet speler munnspel, men han spelte fele au. Han var ei kjelde for runddansleiker, særleg frå Skjåk, men også som han laga sjølv. Han spelte ikkje særleg offentleg, men det er opptak av han i fleire private samlingar. Lars Haugtrædet gjekk burt i 1993.

Seinare på laurdagskvelden blir det fest på Nordal med dans etter påmeldte grupper.

Folkemusikktreff i Lom

  • Arrangør: Vårsleppen
  • Stad: Nordal Turistsenter, Lom
  • Tid: Fredag 13. mai og laurdag 14. mai

Det er Lom Tvauraderlag, Lom Trekkspelklubb, Lom Spel og dansarlag og Lom IL som ynskjer alle spel- og danseglade velkomne til Vårsleppen 2011 på Nordal Turistheim i Lom.

Interesserte kan lese meir om hendinga på www.varsleppen.com. Når det gjeld overnatting, kan ein ta direkte kontakt med www.nordalturistsenter.no.