I 1851 kom Ludvig Mathias Lindeman til Hjartdal prestegard for å skrive ned folketonar etter ei prestefrue og ei livleg prestedotter. Dei skal òg ha vore viktige kjelder for Magnus Brostrup Landstad si samling av segn om Hjartdølene.
Damene heitte Tomine og Lisa Finkenhagen. Ingvill Marit Buen Garnås syng og fortel.
"Hun er ikke mere dresseret enn Brasiliens sorte Svaner. Men al den Poesi som boer mellom Hjerdals nuter har hun optaget i sig. Alle Dalens gamle sagn og Viser og Stev har hun lært, og forøget Samlingen med Viser hun selv har digtet, hvoraf flere ingenlunde er at forakte”, skreiv advokat Bernhard Dunker om prestedottera Lisa.
Konserten er på Gamleskulen ved Kyrkjekrinsen skule i Hjartdal Nordbygd, og tek til klokka 20.00. Arrangør er Kulturlandskapssenteret, som er ein del av Sogelandet.
Billettprisen er 150 kroner. Tilskipinga er gratis for dei under 18 år. Billettar kjøpast ved døra.