INTERVJU: Helge Westbye er mannen og hjernen bak plateselskapet Grappa. Sidan 1983 har han vore ein viktig premissleverandør for norsk folkemusikk. Meir på side 34 i Folkemusikk.

PORTRETTET: Når tunnelsynet melder seg, finn Anders Erik Røine dei utrulegaste skattar. Og tapar elementær musikarkunnskap. Som å selje seg som artist. Meir om Røine kan du lesa i portrettet i siste nummeret av Folkemusikk.

GAMALDANS: Kvar har det vorte av dei elleville gamaldansfestane? Er gamaldansen eigentleg død? Om ikkje, kvar har han i så fall teke vegen, spør Halldis Folkedal – og får svar frå mellom andre Øyvind Sandum, Ånon Egeland og John Ole Morken.

SIGØYNARMUSIKK: Raya Bielenberg har sunge og spelt sigøynarmusikk sidan ho kom frå Russland til Noreg på 50-talet. No er ho i harnisk over at romfolket blir kasta ut av Frankrike. Meir om romfolket og sigøynarmusikken i siste nummeret av Folkemusikk.

LEIAR: Redaktør Knut Aastad Bråten meiner norske folkemusikarar må vise eit større samfunnsansvar, og lære av kollegaene i Sverige. Etter at Sverigedemokraterna fekk fleire representantar i Riksdagen har dei starta sin kulturkamp, Folkmusiker mot främlingsfientlighet. Bråten skriv: ”Er fråværet av kamp og demonstrasjon eit uttrykk for at norsk folkemusikk og norske folkemusikarar har det bra? Mykje tyder på det”. 

NY PLATE: Ei ny plate med samiske salmesongar og joik er kanskje ein motsetnad? Ikkje for Biret Álehttá Mienna. Ho kjem med plate på Etnisk Musikklubb på nyåret.

DEBATT: Landsfestivalen er tema for mange av debattinnlegga i siste nummeret av Folkemusikk.

KRONIKK:
Kva for potensiale finst i folkemusikken, sett frå ståstaden til ein komponist, spør samtidsmusikar og komponist Eivind Buene. ”Selve prosessen med muntlig tradering er mer interessant enn akkurat hvilken melodi som blir tradert”, skriv han.

Notisar, ei mengd platemeldingar, frå platehylla, tipset, mange debattinnlegg og mykje sladder!