PORTRETTET: På roterommet til Leif Rygg er det bilete frå Telemark, Voss, Sverige, USA, Canada, ja, jamvel frå Kina. Hardingfela har tatt med seg Leif Rygg på tur i heile verda. For det er viktig å koma seg ut. - Ein må koma seg ut. Skal du bli god, må du ut, læra og høyra på andre, seier Leif Rygg.

DANSEBYGDA: - Førre gongen det var dans, syntest eg det var godt oppmøte, for då var vi i overkant av 70 stykke. Men så byrja eg å rekne på alle som pleier å vere der, og som ikkje var der den kvelden, og det var jammen mange. Hadde alle dei kome, hadde vi vore opp mot hundre på dans. Det er jo heilt utruleg! Det seier Sigvor Mortensbakke, primus motor for onsdagsdansen i Naustdal - bygda som dansar. 

LEIAR: I sin fyrste leiar i Folkemusikk, skriv Bjørn Kjellsson Sletten om den retninga han ser for seg at bladet vil ta med han i redaktørstolen. - Eg sette meg føre å laga eit blad som kan famne det meste - helst på ein gong. Det veit eg er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg. Men det som skal vera mogleg, er å snikre saman eit blad som er relevant for flest mogleg, mesteparten av tida, skriv nyredaktøren. 

ARKIVA FRAM I LJOSET: I dag finst om lag 20 folkemusikkarkiv i Noreg. Dei har vore lite synlege når tradisjonsarv blir diskutert. No løfter dei sjølve diskusjonen. - Det har vore langt fleire diskusjonar om korleis utøvarane organiserer seg, enn korleis arkiva gjer det. Eg trur at diskusjonar om arkivfeltet, på ulike nivå, er viktige både for å løfta merksemda om feltet og om oppgåvene som vert forvalta der, seier Hans-Hinrich Thedens ved Norsk folkemusikksamling.

TALENTFABRIKKEN: Somme spør kor dei nye talenta i norsk folkemusikk finst. - Her er dei, svarar Rasmus Stauri på folkemusikklina på Vinstra. Dei siste åra har Vinstras velsmurde utdanningsmaskineri levert nokre av dei beste spelemennene i landet.

DELTAKING I DANSEN OG MUSIKKEN: - Vi har i den vestlige verden brukt rundt 250 år på å få publikum til å bli disiplinert i den forstand at folk skal sitte ned og holde kjeft. Og folkemusikken har etter min mening dessverre kastet seg på denne bølgen, og laget kirkekonserter fordekt som folkemusikkpøbber. Det som kunne vært en festaften med dans og musikk i et herlig interaktivt samspill, er som regel en setting der publikum må sitte musestille og se på en eller flere musikere som spiller folkemusikk, skriver Sigurd Johan Heide og tek til orde for meir publikumsdeltaking i folkemusikken og -dansen. 

***
Nyhende, bok- og platemeldingar, kappleiksdebuten til Ingvild Lie frå Blått Gådn, kommentarar frå Tore Bruvoll og Runhild Heggem, den eksplosive fortsetjinga av Øystein Rundes elleville teikneserie om Hulda, Kielland, Hallgrim og Hallgrim og mykje, mykje meir!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.

Bestille blad? 
Send ei melding til bjorn@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same!