Klezmer: Jødisk tradisjonsmusikk var sjølve hjarteslaget i austeuropeisk jødisk kultur og sivilisasjon. Med Holocaust vart den så godt som utsletta, men har overlevd, tross alt, og er i dag ein livskraftig musikkform. Meir om den jødiske musikken frå skribent Mona Levin i siste nummeret av FOLKEMUSIKK.

Dans: Hundrevis av ungdommar har i løpet av dei siste ti åra vore involvert i prosjektet Bygda dansar. Men har det vore med å redda bygdedansen? Skribent Veronika Søum har sett meir på dansebylgja i Bygde-Noreg.

Tuvas hjørne: ”Jeg vet ikke om det er symptomatisk for min generasjon, eller om det er bare meg, men det er så mange ting jeg ikke evner å bli engasjert av. Saker jeg vet er viktige for andre såkalt profesjonelle utøvere av folkemusikk, ja, som i utgangspunktet berører meg og mitt virke. Men i det øyeblikket diskusjonen fjerner seg fra musikken og kryper mot kontorpultene, er jeg long gone.”, skriver artist Tuva Syvertsen i si faste spalte i bladet.

Leiken og komponisten: ”Den 1. mai 1968. E’ ska’ spela inn ein leik e’ ha gjort sjøl, ein lydarslått, som e’ keilla for Hestleitar’n.” Slik startar Sjugurd Garmo (1896-1991) på spolebandet som inneheld ei mengd sjølvlaga leikar. I det ferske nummeret av bladet FOLKEMUSIKK skriv Aslak O. Brimi utfyllande om låtten Hestleitar’n og spelemannen Sjugurd Garmo.

Debatt: ”Tone, dynamikk og uttrykk har for meg ikkje noko med geografi å gjere”, skriv spelemannen Knut Hamre i eit ordskifte rundt omgrepet tradisjon.

Du kan lesa meir om aktuelle nyhende i Folkemusikk-Noreg, plate- og bokmeldingar, om spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa som ville vore 100 år i år, om slåttekomponisten Lasse Thoresen, kronikkar, fagstoff, om den eldste fela på Austlandet, kva ein understreng er og mykje, mykje meir.

-----------------------------------------

Har du eit lesarbrev? skriv til knut@folkemusikk.no. Innlegg som blir sendt elektronisk blir prioritert. Kronikk: Maks 5000 teikn med mellomrom. Lesarinnlegg: Maks 2500 teikn med mellomrom.