• Munnharpe i Nepal: Kongsberg-mannen Svein Westad var teknikar i Telenor i 20 år. Så fekk han nok, gjekk av med pensjonen og drog til Nepal for å lære bort norsk folkemusikk.
     
  • Portrettet: – Hardingfele var for meg ein lyd som var i radioen. Børsnoteringar var ein slik lyd, og fiskerimeldingar var ein lyd. Men så flytte Einar Mjølsnes til Voss. Les meir om Mjølsnes i siste nummer av bladet.
     
  • Verdsmusikk: For musikaren Kouame Sereba har det slett ikkje vore vanskeleg å slå seg fram som verdsmusikar i Noreg. – Publikum vil ikkje berre ha musikken min, dei vil ha heile meg. Ein må spele musikk og formidle frå hjartet!
     
  • Slåtten: Jorun Marie Rypdal Kvernberg skriv om spelemennene Ole P. Blø og Petter L. Rypdal. ”Det er mykje som ikkje let seg notere i ein note, og noko av den viktigaste skilnaden på desse to utøvarane er kanskje nettopp klangen. Rypdal har ein varm og fyldig klang med ein lett vibrato, medan Blø har ein luftig og porøs feletone med mykje diskant."
     
  • Debatt: Kim André Rysstad skriv om si eiga kveding i debatten om kvedinga blant unge utøvarar: ”Eg vil synge og kvede på min måte, noko eg er sikker på at alle har gjort til alle tider. Dersom nokon meiner eg gjer det feil, så kan det vere det same. Eg har ikkje noka glede eller interesse av å høyrast ut som eit 100 år gammalt voksrullopptak!”


Du kan lesa meir om aktuelle nyhende i Folkemusikk-Noreg, plate- og bokmeldingar, om spelemannen Olav Luksengård Mjelva, frekke betraktningar frå Tuva Syvertsen, om amerikaspelemannen Sam Sorenson, kronikkar, fagstoff og mykje, mykje meir.

Bladet Folkemusikk har fem utgjevingar i året, og eit gjennomsnittleg sidetal på 52.  Bladet Folkemusikk er i dag det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande og arbeider etter Redaktørplakaten.  Det er Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg som er utgjevar av bladet.

Har du eit lesarbrev?
Skriv til knut@folkemusikk.no. Innlegg som blir sendt elektronisk blir prioritert. Kronikk: Maks 5000 teikn med mellomrom. Lesarinnlegg: Maks 2500 teikn med mellomrom.