«Årets Folkemusikkarrangør» er ein pris som kvart år vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Prisen skal synleggjere godt arrangørarbeid, og heidre dei beste arrangørane på folkemusikkfeltet. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Prisen er på 10 000 kroner, og vart delt under årsmøtet til FolkOrg på Hamar. I år gjekk prisen til Riksscenen. No vil dei gje vidare pengane.

- Riksscenen vil omsette desse prispengane i eit handslag til unge lovande musikarar, og me ønskjer å gje dei til vinnaren av Landskappleikens open klasse i 2013, fortel dagleg leiar på Riksscenen Helge Skansen.

- Riksscenen stiller lokale til rådvelde for to dagars produksjon, ein profesjonell musikar som produsent og ein presentasjon av resultatet på ein av haustens planlagde arrangement. Hyra til vinnaren for denne pakka blir kr. 10 000 på deling, avsluttar Skansen. 

Det er framleis høve til å melde seg på Landskappleiken. Endeleg påmeldingsfrist til Landskappleiken er 15. mai. NB: Deltakarar i open klasse treng ikkje sende inn lydfiler.

> Meld deg på Landskappleiken her