- I festivalbygda Seljord, midt i hjarta av Telemark, står folkemusikken sterkare enn nokon gong. I kulturskulen er hardingfela meir populær enn gitar og piano, skriv arrangørane av Landskappleiken 2011.
I Seljord har hardingfelene i Juniorspelemannslaget i fleire år gått saman med korpset fremst i 17. maitoget. Dette er Seljord sitt eige ungdommelege symfoniorkester - med strykarar og blåsarar.
- Til Landskappleiken ville me vise fram denne sjeldne orkesterfuglen i frisk flukt. Korpset har derfor bestilt eit spesialskrive verk av Klaus Sandvik, ein av våre fremste samtidsmusikkomponister, melder Landskappleiken 2011 på heimesida.
Klaus Sandvik bur i Seljord, og er etter kvert ein ettertrakta komponist som fleire viktige ensemblar og solistar har bestilt verk av dei siste åra. Han fekk i desember 2010 Edvard-prisen i klassa for samtidsmusikk for verket "Prime Preparation", som vart komponert på bestilling frå Det Norske Kammerorkester.
Landskappleiken 2011 vert avvikla på og rundt Dyrskuplassen i Seljord, som m.a. er kjent for Dyrsku’n, Country- og Seljordfestivalen. Dyrskuplassen er utbygd for store arrangement og festivalar, har fleire større og mindre scenar og eit spesialområde for camping i stor målestokk. Bygda har ellers eit livleg kulturliv ved sida av folkemusikken, med sommarutstillinga i Kunstlåven og sogevandring i sentrum.
Folkemusikk.no kjem snart tilbake med meir nytt om Landskappleiken 2011. Arrangementet går i år føre seg frå 29. juni til 3. juli. I fjor var Voss Spelemannslag vertskap for kappleiken. Du kan lese om kven som vann dei ulike klassane under Landskappleiken 2010 på denne sida.
Førebuinga til Landskappleiken 2011 er sjølvsagt alt godt i gang. Du finn ei elektronisk brosjyre om innkvartering og overnatting her, og kan óg gå vidare til denne sida hos Landskappleiken i Seljord. Sjølve hovudsida for arrangementet, som er det største og mest tradisjonsrike i sitt slag innan folkemusikkfeltet, kan du se her.