Torsdagen får du høyre desse kvedarane under Landskappleiken 2011: Ragnar Haugstøl, Kjell Hove, Inger Lien, Kari Lønnestad og Ingebjørg Lognvik Reinholdt .
- Alle er framifrå utøvarar som har stoff frå Vest-Telemark sentralt i repertoaret sitt. Dei vil syne fram kor rikhaldig og variert denne kvedartradisjonen er, og har lagt vekt på å hente fram viser som ikkje er så ofte å høyre, seier arrangørane.
- Her blir det alt frå ballader til bygdeviser, med skjemt og alvor, bunde saman av hugskot - innfall og tankesprang.
Dagen etter inviterar Landskappleiken òg til intimkonsert med Knut Buen og Kjetil Flatland under Landskappleiken i Seljord!
- Dette blir ein intimkonsert der me møter meisterspelemann og tradisjonsberar Knut Buen, med sin kunnskap, unike forteljarevne og sitt gode spel, og seljordingen Kjetil Flatland - ein særs dyktig ung jazz-saksofonist.
Kjetil Flatland er utdanna ved Norges musikkhøgskole. I tillegg til å vera freelance musikar, jobbar han som lærar på singer/songwriter-linja ved Seljord Folkehøgskule. Han har spela i mange mindre og større konstellasjonar, og er m.a. saksofonist, vokalist og låtskrivar for bandet Bygdebris.
På Kivletunet tenkjer Buen og Faltaland å ta utgangspunkt i visene og slåttane frå Kivledalen.
Konsertstaden er Suigard Kivle, midt i den fagre Kivledalen, der Bente Lindvig har laga eit vakkert tun innunder bratte fjellsider, ca. 8 km frå Seljord sentrum.
- Kvedarkonserten: Torsdag 30. juni i kinosalen på Granvin kulturhus, kl. 19.00.
- Intimkonserten: Fredag 1. juli på Suigard Kivle, kl. 18.00
Her finn du ei stor oversikt over heile kulturprogrammet til Landskappleiken 2011. Du kan lese meir om Kivletunet her: www.kivletunet.info.