Av Hæge Manheim, Seljord Spelemannslag

Seljord har vel aldri hatt eit så blømande folkemusikkmiljø som i dag, med 35 hardingfeleelevar i kulturskulen og 60 unge dansarar og kvedarar i Tusseleiken. I ei bygd på knappe 3000 personar er dette  ein stor prosent av befolkninga!  Difor gjev Seljord spelemannslag ut sin fyrste CD når me nå arrangerer Landskappleiken 2011 i Seljord.

Dette er ein dobbel-CD, der ei plate inneheld arkivopptak med avlidne utøvarar frå Seljord, medan den andre syner folkemusikkmiljøet i bygda i dag. Seljord har gjennom tidene hatt eit rikt folkemusikkmiljø. Alt fyrst på 1900-talet blei det gjort plateinnspeling med Eilev Smedal( f. 1889). Etter han, og medrekna personar fødde på 1930-talet, finst 21 avlidne utøvarar det er gjort  opptak med.  Tru om ein ikkje kunne rekne ut ein rekord her, samanlikna med andre kommunar, i innspela slåttar/viser per capita?

Folkemusikkmiljøet i Seljord  var lenge lite organisert, og kring 1990 kunne det sjå ut til at det ville turke heilt inn – tunt med yngre utøvarar, og minkande oppslutning om tilskipingar.  Men i høve opninga av idrettshallen på Granvin kulturhus blei Seljord spelemannslag skipa i 1992, med den heimflytte spelemannen Magne Manheim som musikalsk leiar. Ymse gubbar i ulike aldrar kraup òg fram frå krokane og pussa støv av fela. 

Fyrste gongen laget deltok i lagspel på Landskappleik var i 1998, resulterte i ein tredjeplass.  Same plasseringa blei det på Oppdal året etter.

Det er sagt at utan innflyttarar stoppar bygde-Noreg, ein kan spisse dette litt med å seia at utan innflyttarkvende stoppar folkemusikk-Noreg! Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen kom til bygda, blei med i spelemannslaget frå fyrste stund og med dei  i spissen blei opplæring  straks ei viktig oppgåve for laget, fyrst i eigen regi, sidan i samarbeid med kulturskulen. 
 

Dette har gjeve resultat - i dag finst fleire habile og eit par svært gode frå den nye generasjonen. 

I yngste klasse spel hardingfele på Geilo i 2009 var 4 av 22 deltakarar frå Seljord, og i 2010 gjekk Marie Tveiten av med fyrsteplassen i si klasse på Landskappleiken på Voss! I skrivande stund er  35-40 unge under opplæring.
 

Heimesidene til Landskappleiken 2011 finn du som vanleg her.  Det er Etnisk Musikklubb som er utgjevar av denne CDen, som du òg kan lese meir om på denne lenka.