På opningsdagen vart det tevla i spel fele klasse B, vokal klasse B og dans hardingfele klasse C. I  eit noko regntungt Seljord var det ikkje vanskeleg å få eit kunnig og entusiastisk publikum på plass i Kulturhuset Granvin.

- Seljord kan dette med store arrangement, seier Maria Høgetveit Berg i FolkOrg, som òg var ein av programleiarane under kappleiken mellom kvedarane. – Eg føler meg trygg på at kappleiken blir vellukka, sjølv om dette er eit stort løft for eit lite lag.
 
-No kan ein vel ikkje seie at Seljord Spelemannslag er ”lite” med tanke på arbeidet dei gjer. Få stader har det vorte arbeidd så bra og systematisk med tilbod og rekruttering dei siste åra, fortsett ho.

Også Solveig Sundbø Ambrahamsen, som er ordførar i Seljord, trekk fram dei sterke tradisjonane Seljord har som arrangør av kulturarrangement.
 
- Det er med spenning og forventning vi ser fram til å vere vertskapskommune for eit så tradisjonsrikt arrangement. Seljord er kjent som ein kunst- og kulturkommune med mange dyktige utøvande kunstnarar innan biletkunst, skulptur og musikk, og der folkemusikken står særleg sterkt.
 
- Folkemusikken har lange tradisjonar i Seljord, og takka vera enkeltpersonar sin store innsats gjennom mange år er Seljord i ein unik situasjon når det gjeld interesse for og rekruttering til folkemusikk, både spel og dans, seier Sundbø Abrahamsen.

Hundrevis av dugnadsfolk har stilt opp under arrangementet, som vil bli avslutta med meisterkonserten søndag. I morgon er det m.a. klart for tevling i lagspel, langeleik og fløyte, samt C-klassane i spel haringfele og vokal. Det blir dans hardingfele klasse B, og dessutan avvikling av både B-og C-klassa i lausdans.

I tilegg kjem eit rikt kulturprogram, som oppfattar visning av film frå Jørgen Tjønnstaul si 90-årsmarkering, framsyninga Unge Opptrer og ein stor kvedarkonsert i Granvin Kulturhus.

Særleg imponerande onsdagen var nok likevel sjølve opningsframsyninga, som det må ha vore lagt svært mykje arbeid i. Folkemusikk.no kjem attende med ein større biletkavalkade frå denne tilskipinga, samt mange av tevlingane som enno står føre oss.

Heimesida til Landskappleiken 2011 finn du her. Ein større oversikt over nyhendesaker frå Folkemusikk.no rundt Landskappleiken i Seljord kan du lese på denne sida..