Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Per Anders Buen Garnås

Seljord anno 1935

Per Anders Buen Garnås[1]

Per Anders Buen Garnås dreg på tidsreise til bygda Seljord i 1935.

Meisterspelemann Per Anders Buen Garnås har her konsentrert seg om korleis det ville vera å koma til Seljord ein gong i 1935. Verkemiddel er ei hardingfele og solid kunnskap om legendariske spelemenn. På plata møter du tidsuttrykk frå forne tider.

Her får du møte musikken til spelemenn som Eilev Smedal (heime på besøk frå USA), Eivind Mo, Høye Kvåle, Kjetil Flatin, Manheimspelemennene og sjølvaste Torkjell Haugerud. Alle desse var samla i Seljord dette året.

Per Anders Buen Garnås, f. 1980, er blant landets aller fremste spelemenn. I 2010 vann han Landskappleiken (NM i folkemusikk) på hardingfele for andre gong. Denne plateutgjevinga var ein del av premien til vinnaren.

Per Anders Buen Garnås har tidlegare gjeve ut:

  • Åleine (soloplate)
  • På Grønalihei med Ingvill Marit Buen Garnås
  • Han rider den mørke natt med Agnes Buen Garnås
  • Warg / Buen i lag med Daniel Sandén-Warg
  • Salmer, segn og solbøn med Ingvill Marit Buen Garnås.

Seljord anno 1935 er utgjeven på ta:lik, som har denne heimesida. Du kan høyre døme på musikken ved å gå til Musikkonline.no, eller ved å vitje www.peranders.no.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk