Ein Landskappleik i Oslo må i så fall bli i 2014. I 2012 er den lagt til Otta, veit du, redaktør Knut. .. og så er det vel Voss?
 
Og det går da buss, tog (og båt og kan hende) - og vegar for bil  - ikkje berre  i n n o v e r  til Oslo?
 
FolkeLarm og Operahus og Riksscene og mykje mykje meir  er  i Oslo.

Plass til ein Landskappleik eller fleir er der nok, men etter å ha vore på Landskappleiken 2011, fristar det ikkje så veldig - etter mitt syn.
 
Det er noko som heiter økonomi som ikkje er kome med i artikkelen frå VG.

Og kva er så sensasjonelt med å ha Landskappleiken i Oslo? 
 
- Frivillig betalande

Har vi råd til å bu på hotell i Oslo i 5 døgn - sjølv om byen er full av denne type buplass?

Vi har greidd det før, og greier det vel om vi vil ein eller fleire gongar til, men å ta ferien  i desse fem dagane,  og betale for det vi er med på av stort og smått, som å bu og ete, være frivillige, tevlarar ( som heiltidsmusikerar eller halvtid eller fullt ut amatørar = sama pris) og frivillige dugnadsarbeidarar som betalar og for det  som kostar noko?
 

Det er da sjølvsagt, men treng det være i Oslo?

Vi er ikkje berre frivillige, men frivillig betalande.

Og no vil skatteetaten legge skatt på at frivillige har så mange fordeilar - så da  må vi skatte av fribillettar om det forekjem..
 
Ja, for om ein har tid til å nytte gjennoimgangsbilletten mellom slaga, så har ein "inntekt" meiner skatteetaten. (Det minnar meg om at Egil Storbekken fekk skatt på ein sekk gulrøtar han hadde fått frå ein arrangør i Asker...så dette er ikkje nytt frå den etaten.)
 
Kven skal være dei 400 frivillige i Oslo forresten? 
 
Blir det som i Seljord? Frå gode nabobygder i tillegg til eigne "Tordenskiolds soldatar" - og andre folkemusikkvener rundt om? Ikkje berre frå Oslo, men frå nabobygder som Bærum og Asker - og fjerninnhenta frå andre sida av fjellet - kalt vestlandet t.d.?
 
Folkemusikk-redaksjonane

Er det ikkje mange nok ansatte i folkemusikk-redaksjonane som skal gjere ein rundsnu for "folkemusikkens fremme" no - utan å flytte  a l t  til Tigerstaden?
 
Bladet Folkemusikk fås på Narvesen, og www.folkmusikk.no følger opp med nyheitar - dagleg.

Kor Landskappleiken er,  burde da alle få med seg, som vil vite det-  utan å flytte det dit Knut meiner det er folk som ikkje har høyrt folkemusikk- eller sett dans? Enda det ligg der Operahuset er og Rikssenen og FolkeLarm er!
 
I NRK må vi få til  meir plass til meir om og med folkemusikk - på dagtid - og i alle kanalar   - i tillegg til NRK Folkemusikk  og Folkemusikktimen.

Det arbeidar mellom andre vi i Lyttarforeiniga for folkemusikk med.  
 
- Ekte og naturleg

Kappleiken i Seljord var anlein på mange måtar. På ein ekte og naturleg, vertskapeleg måte  viste Seljord at det er ikkje berre e i n måte å arrangere ein Landskappleik på, sjølv om det er ein mal som alle er bygd opp på.

Sumarutstillinga 2011 i Seljord, likeeins fotoutstillinga, med tema frå folkemusikk og folkemusikksamlingar er eksempel på korleis denne komiteen hadde samarbeidd på tvers av uttrykk i kunst.

Kunst og folkekunst knytt til kvarandre, med moderne media i bruk, der kunstnarane sjølve fortel om produksjonane - er fin formidling som gjer til at ein oppsøker kunsten ute - og landskapet - og minnestadene!

Utstillingen inne viser til kunst i landskapet ute, med opningstider fortsatt langt utover seinsumaren.
 
Folkedraktene frå mange bygdelag i Telemark, utstilt slik at når ein går og ser, kjenner ein seg som ein deil av  "selskapet"  dokkene er oppstilte i! I det eine romet er bryllup !
 
Folkedrakter er ikkje berre for turistar, men klær for folk! Derav namnet.

Utstilt saman med annan kunst, er dei på sin rette plass . "Troll til kjeringar" står for saum, sylvarbeid, skomakeri, draktsøm, brodering,  rekonstruksjon, design, oppsetting av utstillig.

Marit Bergland Rysstad, Liv Berit Neset Kaasa, Ingrid Adelsøn Dillekås er namna på desse folkekunstnarane i særklasse!
 
Vakre naturblomar på alle bord alle stader - ute og inne - i alle dei - ikkje berre tri, men heile fem dagar til endes - og fortsatt på Sumarutstillinga!

Godt stelt i stand

Heimelaga mat, og blide hyggelege hjelpsame folk som serverer, eller var/er service-folk på informasjonen eller andre stader.

Ja, stutt sagt: Godt stelt i stand for gjester! Ingen luksus, men vakre scenar - og estetikk i fokus!
 
Takk til Landskappleiken (tildelt Olavsrosa), FolkOrg og Stemnenemda  - som  denne gong viste oss at det er innhaldet som er viktigast, ikkje huset!
 
Innhaldet var de mange om! På kappleikscenar - over 1000! - og på alle dei andre arenaer!
 
Takk alle saman! 

Hadde eg ikkje opplevd det, hadde eg ikkje trudd det!

-  Agnes Buen Garnås

Vi takkar for innspelet. Det opphavelege innlegget til Knut Aastad Bråten, som òg har stått på trykk i VG,  kan lesast på denne lenka.