Førsteprisen under tilskipinga på Notodden vart vunne av Torbjørg Aamlid Paus, som òg vann klassa i 1959 og 1960. Først I Førde i 1995 vart det skipa til ei klassedeling i vokal folkemusikk slik som i spel, med A-, B-, C- og D-klasser.

I år er det ti kvinner og sju menn som skal møtest til kappleik i A-klassa i Seljord. I B-klassa for vokal folkemusikk finn vi 32 påmelde, medan det ser ut til å bli 12 yngre utøvare i C-klassa.

Her er dei 17 påmelde i Vokal klasse A på Landskappleiken 2011:

1. Kjell Hove,  Seljord Spelemannslag

Stian Rolland (Foto: Eivind Kaasin)

2. Stian Roland, Øystre Slidre spel- og dansarlag  

3. Ingvild Lie, Øystre Slidre spel- og dansarlag  

4. Hans Olav Stegarud, Tinn Spelemannslag  

5.Tone Jorunn Tveito, Spelemannslaget Sullarguten   

  Unni Boksasp Ensemble, 2010 (Foto: Eivind Kaasin)

6. Unni Boksasp, Nordmøre spelemannslag  

7. Ingvill Marit Buen Garnås, Tuddal Spelemannslag  

8. Lajla Renate Buer Storli, Hardanger Spelemannslag 

 Vinnar av INTRO-folk 2009, Kim André Rysstad.

9. Kim André Rysstad, Setesdal Spelemannslag  

10. Anne Gravir Klykken, Vårlengt  

11. Halvor Nordjordet, FolkOrg 

 Aasmund Nordstoga, 2010

12. Aasmund Nordstoga, FolkOrg  

13. Ragnar Haugstøl, Seljord spelemannslag  

14. Gunhild Tømmerås, Kristiansand spel-og dansarlag  

15. Øyunn Romtveit, Vinje spilemannslag

  

16. Solbjørg Tveiten, Kvemmingen spel og dansarlag   

17. Kari Malmanger,  Kvinnherad Folkemusikklag, Sogn spel og dansarlag, Jostedal spel og dansarlag

Desse har vunne Vokal klasse A sidan 1995: Berit Opheim (1995, 1996), Øyonn Groven Myhren (1997), Gunhild Tømmerås (1998, 2000),  Ingvill Marit Buen Garnås (1999, 2003) Ragnhild Furholt (2001, kongepokal), Jon Anders Halvorsen(2002), Gro Kjelleberg Solli  (2004), Kirsten Bråten Berg (2005), Camilla Granlien (2006, 2007,2008 – kongepokal),  Ingebjørg H. Bratland (2009) og Unni Boksasp (2010).

Bland dei mestvinnande kvedarane og songarane på landskappleikane i perioden før omlegginga til Klasse A finn vi Agnes Buen (Garnås) med sju sigrar - og Bjarne Øverbø med fem.  Andre med tre førsteplassar eller meir er Torbjørg Aamlid Paus, Anna Lunde, Berit Opheim og Ragnhild Furholt. Kirsten Bråten Berg fekk dessutan kongepokalen i 1987.
 

Interesserte finn ei stor oversikt over vinnare av Landskappleiken frå 1896 til 2010 på denne sida frå Folkemusikk.no. Heimesida til Landskappleiken 2011 finn du som vanleg her.