Folkemusikkveka har nærmare 40 arrangement spreidde rundt om i heile Hallingdal fram til og med avslutningsdagen den 29. mai. Festivalen vender seg til ei brei målgruppe og årets program opnar dørene for eit vidt spekter av musikalske uttrykk.
Den tradisjonelle folkemusikken ligg trygt i botnen. Men programmet gir også plass for alt frå hardtsvingande gitarrock med Lars Håvard Haugen & the Truth, til arrangert folkemusikk med norsk-finske Frigg, folkrockgruppa Sver og felespelaren Ragnhild Furebotten, som har med seg full blåserekkje.
Gjennom kurs for barn og unge, gratiskonsertar på utescena i Ål sentrum, barnehage-, skole- og institusjonskonsertar og konsertane i hovudprogrammet vil det vera opplevingar å hente for alle som har eit forhold til folkemusikk og dans i vid forstand. Med fast tilhald i mai månad er Den norske Folkemusikkveka å rekne som sjølve starten på sommarens folkemusikalske eventyr.
Den offisielle opninga er sundag, men det brakar laus alt kvelden før. I det gamle ungdomslokalet Sundrehall blir det konsert med framtidas folkemusikarar – talentskulen i Buskerud og folkemusikarar frå Ungdommens kulturmønstring. Etterpå blir det dansespel ved mellom andre Hallingdal Juniorspelemannslag, John Ole Morken, Lajla Renate Buer Storli, Gro Marie Svidal, Thorleif Stave og andre som har lyst til å spele til dans.
Ved den offisielle opninga i Ål Kulturhus sundag ettermiddag presenterer ein danseforestillinga ”Trøyst” med Danseru’, unge dansarar frå heile Buskerud. Og deretter konserten ”Aldri på en søndag”, med Ragnhild Furebotten og seks av Norges beste blåsarar.
Programmet for heile veka finn du her: www.folkemusikkveka.no/Program.html. Du kan òg lese meir om dei einskilde tilskpingane utover i veka ved å gå til denne artikkelen.