På World Music Expo treffest bransjefolk og artistar frå heile verda i tre dagar for seminar, møte og konsertar. FolkOrg har vore representert på messa gjennom fleire år for å profilere norsk musikk.
I perioden 2009 til 2011 vert Womex arrangert i København. Utover dei ordinære showcase-scenene har det i København-perioden vore ei nordisk scene spesielt dedikert til nordisk roots/trad -musikk.
I år finn vi desse utøvarane på den såkalte Nordic Club-scena: Alamaailman Vasarat (Finland), Basco (Sverige/Danmark), Dánjal (Færøyene / Finland / Sverige / Danmark), Farmers Market (Noreg), Hazelius / Hedin (Sverige), Johanna Juhola Reaktori (Finland), Ragnhild Furebotten (Noreg), Sousou & Maher Cissoko (Senegal/Sverige) og Tako Lako (Serbia/Denmark).
Ragnhild Furebotten er dobbelt plateaktuell om dagen, både med det nyaste albumet til Hekla Stålstrenger, og med sitt eige prosjekt ”Never On A Sunday”. På den sistnemnde plata samarbeider ho med seks av landets beste jazzblåsare, i arrangement av Helge Sunde og Geir Lysne.
Ragnhild Furebotten er representert av det nye bookingselskapet Skog Management, som óg har med seg Vokal Nord og bluesbandet Pristine til den danske hovudstaden.
Womex er verdas største messe for verdsmusikk og folkemusikk. I 2010 deltok 30 norske bransjeaktørar frå 16 ulike organisasjonar og bedrifter på arrangementet. I fjor var det Elisabeth Vatn sitt prosjekt “Piper on the Roof Ensemble” og trioen Slagr som spelte under konsertprogrammet på Womex Nordic Club.
Nærare 2 500 delegatar og 600 plateselskap er venta til WOMEX denne veka, i tillegg til 350 journalistar og radioselskap. FolkOrg er i år representert med dagleg leiar Linda Dyrnes og prosjektleiar Trond Stenseth Moe.
Heimesidene til Womex finn alle interesserte på www.womex.com. Du kan lese meir om Ragnhild Furebotten på denne nyleg oppdaterte heimesida. Ei nettside om "Never On A Sunday" kan du studere nærare her.