Ideen for prosjektet var å få kvinner til å skrive brev til Stenseth, som om ho var "mor, søster, kjæraste eller ein nær slektning". Breva kjem frå Ukraina, Bulgaria, Romania, Tyrkia, Norge, Sverige, Danmark og Storbritannia.
- Eg måtte avgrense prosjektet, og valde difor å berre fortelje historiene til kvinner. Dessutan er det vanskelegare å kome i kontakt med kvinner i enkelte deler av verda. Det er viktig at deira stemmer vert høyrde, fortel kunstnaren til NRK Sogn og Fjordane.
Førdefestivalen er glade for å få til samarbeidet med Sogn og Fjordane Kunstmuseum om Anne Lise Stenseth si utstilling.
-Dette prosjektet går på mange måtar rett inn i temaet "Women's World" på festivalen i år, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum, som var tilstades på opninga av utstillinga laurdag 19. mars. Bjørkum trur at Stenseth sitt prosjekt vil interessere mange av dei som kjem til festivalen.
- Tema for utstillinga er folkevandring og nasjonal identitet, menneske i konflikt; kort sagt spenninga mellom heime og borte. Og det er private historier om familie, foreldre og identitet desse kvinnene deler, seier Anne Lise Stenseth.
Interesserte kan lese meir på heimesida til Førdefestivalen, eller gå til denne sida hos NRK Sogn og Fjordane.