- Med dette har vi kome gjennom nokre tronge nålauge. Eg kan ikkje seie for mykje, men eg ser på dette som eit gjennombrot, seier rektor Gunnar Stubseid ved Ole Bull Akademiet på Voss.

I februar sende Utdanningsdirektoratet ut eit forslag om felemakarutdanning som nytt lærefag på høyring. Bakgrunnen er ein søknad frå Ole Bull Akademiet om felemakarfag som nytt lærefag i vidaregåande opplæring. 

-  Både Fagleg råd for design og handverk og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring har stilt seg positive, og når søknaden har gått igjennom hjå begge desse faginstansane, trur eg det skal mykje til for at planane våre blir stoppa, seier Stubseid.

Ifølgje forslaget skal felemakarfaget byggje vidare på studieretninga VG1 design og handverk i vidaregåande skule. Faget vil bli tilbydd som såkalla ”særløpsfag”, det vil seie eitt års opplæring i skule, etterfølgt av tre år som lærling i bedrift. 

-  Felemakarutdanninga blir med dette eit eige fag på line med andre handverksfag i vidaregåande opplæring. '

Men vil ei slik line få nok elevar? 

-  Ja, men det blir jo ikkje så mange elevar, kanskje fem–seks elevar årleg. Og det er viktig å tenkje på at dette ikkje berre skal gjelde hardingfele, men også fiolin, langeleik, gitar og andre akustiske strengeinstrument, slik det også er nemnt i rapporten frå Bjørn Aksdal, Kjell Bitustøyl og Elisabeth Kværne, seier Stubseid.

Rapporten han viser til, dannar grunnlag for søknaden om ny felemakarutdanning ved Ole Bull Akademiet.

- Vi har alt utdanna to felemakarar, og begge er no etablerte i eigne felemakarverkstader. Vi har gjort dette på eige initiativ, ikkje minst for å etablere eit fagmiljø ved akademiet. Dessutan har vi vore opptekne av å ta vare på kunnskapen som enno finst i miljøet. Problemet har vore at felemakarfaget ikkje har vore eit godkjent fag etter opplæringslova. Vi har difor ikkje kunna utvikle læreplanar, og elevane har ikkje fått stipend, fortel Stubseid.

Når vil Ole Bull Akademiet kunne starte felemakarutdanning?

- Det er nok ein lang prosess enno. Mykje skal på plass. Dersom faget blir godkjent etter høyringsrunden, må det mellom anna lagast læreplanar. Vi må også gå inn i eit nærare samarbeid med vidaregåande skular her på Voss, som tilbyr VG1 design og handverk. Men utdanninga ligg inne i planane våre for 2012, seier han. 

Interesserte finner mer infomasjon om Ole Bull Akademiet på www.olebull.no. Artikklen er bragt videre med velvillig tillatelse av Bladet Folkemusikk, som du kan lese mer om her.