LEIAR: Publikumsdekninga på konsertane på Riksscenen er snautt 30 %, eller totalt 6000 selde billettar. Noko er tydelegvis ikkje som det skal, skriv redaktør Knut Aastad Bråten. Harmonerer programmeringa, ambisjonsnivået og pengeflaumen med etterspurnaden, spør han. Meir om Norges største folkemusikkscene i siste nummeret.
MUSIKKEN OG MAKTA: Kven har størst påverknad på folkemusikkfeltet i dag? Korleis brukar desse aktørane makt for å oppnå, gjennomføra og driva norsk folkemusikk og folkedans framover? Maktpanelet til bladet Folkemusikk var ikkje i tvil om kva for to personar som har mest makt i Folkemusikk-Noreg. Sjekk saka på side 10.
OM DANSEBAND: I kulturpolitisk samanheng er danseband, om ikkje gløymt, så i alle fall oversett og utelatt, skriv kulturforskar Heidi Stavrum. «Det er ikke bare kulturpolitikere og forskere som ikke bryr seg om danseband. Kulturjournalister er heller ikke så interessert. [...] For å få en helhetlig forståelse av kulturpolitikken kan vi ikke bare snakke om det som er innenfor. Vi må også studere det som er utenfor. For det å utelate, det er også politikk.»
FOLKEMUSIKK OG NASJONALISME: Å ta opp vanskelege emne er ein del av museet sitt samfunnsansvar, meiner Ole Aastad Bråten. Utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» på Valdres Folkemuseum trekkjer linjer mellom folkemusikken og framveksten av nasjonale straumdrag. Kvifor oppfattar ein folkemusikk og -dans som særskilt nasjonalt? Kva finst i omgrepet «det nasjonale»? Og kva tenkjer utøvarane i dag om musikalsk og ideologisk tilhøyr?
PORTRETTET: Anne Nymo Trulsen er framleis den billegaste gravferdssongaren i Tromsø. Ho innser at ho snart må krype til korset og få seg manager. Bli betre kjent med vokalisten i kjende Hekla Stålstrenga i siste nummeret av bladet Folkemusikk
***
Sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til komponist og musikar Jono El Grande, platedebuten til svenske Emma Härdelin, petit frå musikar Odd Nordstoga, smarte tankar frå musikar Sigrid Moldestad, debattinnlegg og mykje, mykje meir!
Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er i sal på Narvesen.
Bestille blad?
Send ei melding til knut@folkemusikk.no, og vi registrerer deg som abonnent med det same!
Eller: Send NAMN + FOLK til 2080 - og bli abonnent med det same!
SJÅ VIDEO
> NYTT NUMMER AV BLADET FOLKEMUSIKK