Barn og unge frå Tusseleiken sine danse- og kvedargrupper er dei sentrale aktørane, med hjelp av folkemusikktrioen Glima. Det før omtala tingingsverket for hardingfele og korps blir også ein del av opninga.
- Gjennom dans, lyrikk og musikk vonar me å skape eit humoristisk og rikt bilete av Telemark og slik ynskje alle velkomen til Landskappleiken 2011 i Seljord, skriv arrangørane i Seljord Spelemannslag.
Tevlingsplanen er klar
Seljord Spelmannslag skriv óg på heimesida si at det har vore eit stort arbeid å få kabalen til å gå opp med når dei ulike klassene skal avviklast i høve til domarar, lokale osv. Men no skal oppsettet i hovudtrekk vere klart.
Oppsettet for dei ulike klassene kan du studere nærare på denne sida. Tidspunkta blir sett når ein ser kor mange som melder seg på i kvar klasse. Men alt no kan ein jo merke seg at kappleiken byrjar med vokal kl B, fele kl B og dans hardingfele kl C onsdag 29.juni. Den tradisjonsrike meisterkonserten skal vere klokka 12 på sundagen.
Spesialverk for hardingfele og korps
Komponisten Klaus Sandvik skal som kjend skrive eit eige verk for hardingfele og blåsarar til Landskappleiken. Dette finn du nærare omtale av, om du går til ”relaterte artikler” på toppen av denne sida.
Heimesida til Landskappleiken 2011 finn alle interesserte her. Informasjon om overnatting med meir ligg på denne undersida. Vi tek óg med at Olavsrosa, som vart tildelt Landskappleiken av Norsk Kulturarv i 2008, no heng på plass i kulturhuset i Seljord.