Av Iselin Stundal, arrangørgruppa
No har Tusseleikens gruppe 3 og juniorspelemannslaget i Seljord gått inn for landing etter ein fantastisk tur til Frankrike.
Vi var invitert av ein fransk kulturskule til middelalderbyen Joigny utanfor Paris, ein liten by på 10.000 innbyggjarar. Der skulle vi øve saman med franske kulturskuleelevar til ein felles konsert. På førehand hadde dei franske elevane fått tilsendt noter.
Slik hadde det seg at vi fekk høyre Bruremarsj frå Seljord og Trulseguten i fransk og norsk drakt i konsertsalen Claude Debussy. Ragnhild Knudsen dirigerte både norske og franske elevar og losa dei rolig og sikkert gjennom både øving og program, som omfatta blant anna ril, halling og tremannsdans der gutane traktera to jenter kvar.
Dansarane og felespelarane frå Seljord gav alt, og all øving i forkant resulterte i trygge og avslappa ungdommar på scenen. Det var godt driv i både spel og dans, og utøvarane baud på smil, latter og slengkyss til publikum. Stemninga steig i takt med programmet, og til slutt braut salen ut i trampeklapp. Det var moro å være foreldre i salen denne kvelden.
Ellers baud turen på konsert for to franske skuleklasser, spontanframføring på ein sjokoladefabrikk samt spel og dans for ordføraren på Rådhuset i Joigny. Mykje god kulturutveksling på desse dagane.
Turen vart avslutta med eit døgn i Paris, med besøk i Eiffeltårnet som det absolutte høgdepunkt.
Det var ein eksemplarisk gjeng å ha med på tur; tålmodige og med godt humør og god folkeskikk.
Vi takkar bidragsytarar for at dei gjorde turen mogeleg, og rettar ein spesiell takk til Ragnhild Knudsen som har vore drivkrafta for turen.
Folkemusikk.no takkar Tusseleikens gruppe 3 og juniorspelemannslaget i Seljord så mykje for dette reisebrevet, og oppmodar alle lag og grupper om å sende inn liknande rapportar om aktivitetar. Slike innlegg kan sendast rett til info@folkemusikk.no.