Annlaug og Rannveig har pakka feler, gitar, ein drøss med toradarar og satt seg på eit fly til Firenze i Italia. Dei skal spela tre konsertar under ein stor matfestival i Greve i Chianti på oppdrag frå Hardangerrådet.
Deretter går turen vidare til Berlin der to scener ventar på dei. I Hamburg skal dei ha kurs der utøvarar frå heile Tyskland har meldt seg på i tillegg til å spela tre konsertar.
Begge to har hatt eit travelt år med mange oppdrag både i inn – og utland. I mars hadde dei ein månads opphald i kunstnarleiligheita til Hardangerrådet i Berlin. Der fekk dei jobba med nytt materiale og spelte på fleire ulike scener. Musikken deira vart godt motteken, og kontaktane dei fekk under dette opphaldet har mellom anna ført til nye oppdrag i Tyskland. Dei var og på ein noregsturné saman i sommar.
Toradarspelaren Rannveig Djønne har hatt eit aktivt år som utøvar, komponist og instruktør. Ho har mellom anna komponert ei folkemusikkmesse for Hardanger som har vorte særs godt motteken. Saman med Knut Hamre var ho på turné i Midtvesten og i New York i sommar, og har hatt instruktøroppdrag både i Nederland og fleire stader i Noreg.
I november og desember skal ho ut på adventsturnéen ”Å venta” saman med Berit Opheim Versto, Knut Hamre og Inger Elisabeth Aarvik.
Annlaug Børsheim slapp i vår albumet ”November” i Storbritanna gjennom ein høgthengande lanseringsavtale. Dette har ført med seg ei rekkje med svært gode anmeldingar i britiske aviser og magasin og mykje radiospeling på BBC. I haust står mellom anna konsertar med duoen Tam Glen på programmet. Ein duo der ho saman med Olav Tveitane syng songar av Robert Burns gjennom Johannes Gjerdåker sine gjendiktingar
Konsertliste Italia/Tyskland:
- 7.oktober: Greve i Chianti
- 8.oktober: Greve i Chianti
- 9.oktober: Greve i Chianti
- 12.oktober: Berlin - Soupanova
- 13.oktober: Berlin - Soulcat
- 14.oktober: Hamburg - Heidbarghof
- 15.oktober: Hamburg - Bal folk
- 16.oktober: Kiel/Wattenbek - Räucherkate in Wattenbek
Interesserte finn som vanleg relaterte artiklar øverst til venstre på denne sida. Du kan gå til MySpace-sida til Rannveig Djønne på denne lenka, og til Annlaug Børsheim si side ved å klikke her.