Konsertplanen omfattar 10 konsertar ved mellom anna Skandinavisk hjemkomstfestival i Fargo, St.Olavs college i Northfield og Sjømannskyrkja og nokre andre scener i New York. Materialet som vert presentert er tradisjonelle slåttar frå Hardanger og eigekomponert materiale.
Hamre og Djønne er av dei mest markante utøvarane på sine instrument i Noreg.
Knut Hamre har turnert i utlandet i over 30 år saman med både norske og utanlandske musikarar. Land han har vore i er m.a. USA, Tyskland, England og Russland.
Rannveig Djønne har vore freelance i tre år, og har no starta utanlandslanseringa. Hennar CD ”Spelferd heim” fekk m.a. gode anmeldingar i USA, og ho ynskjer å fylgje opp dette. Oppdraga ellers i utlandet har vore i Nederland, Tyskland og Sverige.
Dei to musikarane har ulik bakgrunn i høve instrument, men allikevel ein felles ståstad i høve tradisjon og uttrykk. Dette ynskjer dei å utvikla vidare og presentera for publikum i m.a. USA. Djønne har også lært slåttar hjå Hamre, og dei har hatt konsertar i lag tidlegare.
Knut Hamre var sist aktuell med si kritikarroste nyutgjeving "Ferd", medan Djønne gav ut sin banebrytande durspel-CD "Spelferd heim - slåttar frå Hardanger og Voss på durspel" i desember 2008.
Interesserte kan gå til MySpace-sida til Knut Hamre på denne lenka. MySpace-sida til Rannveig Djønne finn du her.