Meiner du stilkjensle er noko bestandig, eller er det eit uttrykk som kan romma ulikt innhald over tid?


«Det endrar seg sjølvsagt mykje heile tida, men folkemusikksjangeren sin natur er vel å prøva å bremsa utviklinga.»
Frode Rolandsgard

«Eg har ikkje levd bestandig, men vil tru at stilkjensla endrar seg over tid. Instrumenta endrar seg, og omgjevnadene våre – heldigvis! Om det er dei heilt store endringane er ei anna sak. Og eg trur ikkje alltid at endringar skjer medvite.»
Åse Teigland
 
«Eg trur nok at dei gode folkesongarane gjennom tidene har vore veldig medvetne om kva det er som skal til for å få ‘den rette svipen’. Det er i alle fall ikkje slik at ein ‘ikkje har visst betre’. Inger Johanne Jore laga ei avhandling om songstilen i Tuddal på 1980-talet, der mi bestemor og mange av hennar jamaldringar vart intervjua. Det visa seg at ein var veldig medvitne om korleis det skulle låte og ikkje. Men å forklare korleis ein skulle gjera det, eller kvifor ein ikkje kunne gjera slik eller slik – det var dei mindre interesserte i. Det var berre å setja seg ned og høyra og læra, bruka tid. Jore nytta etter eigne utsegn lang tid på å ‘knekka kodene’ før ho greidde å skildra dei ulike stiltrekka ved hjelp av klassisk musikkterminologi. I Telemark, som i mange andre geografiske område, hadde ein den sokalla ‘skulemeisterstilen’ ei tid. Dette er kveding med eit islett av skulert song. Det var helst klangbiletet som var skilnaden frå den eldre songstilen; tekstflyten var framleis veldig talenær og rytma friare enn i klassisk song. I dag har ein òg meir eller mindre medvetne blandingsstilar mellom folkesong og klassisk eller moderne song, men eg synest nok dagens blandingsstilar inneber eit mykje større stilbrot enn ‘skulemeisterstilen’. Konturane av den eldre stilen er meir utviska no. Kva folk legg i stilkjensle vil heile tida vera avhengig av kor stilmedvetne folk er, kva dei opplever som stilbrot og ikkje. Eitt av problema i dag er at få utøvarar har skarpt øyre for dei genuine songstilane frå ulike kantar av landet. Institusjonaliseringa og utdanningstilboda innanfor folkemusikken har vore reddande og styrkande, men ikkje alt kan lærast i vaksen alder på fåe år.»
Ingvill Marit Buen Garnås

«Det er interessant å sjå at ein i miljøet heile tida hevdar at ein freistar gjera det som var opprinneleg. Det opprinnelege kan ein jo ikkje veta korleis var. Og av det opprinnelege vil ein ikkje nødvendigvis ha kva som helst. Mellom det ‘alderdommelege’ finst til dømes den nasjonalromantiske framføringspraksisen der ein la inn lyden av mjølking og fuglekvitter. Den høyrer ein lite av i dag, sjølv om den kan vera eldre enn andre tradisjonsuttrykk som vert nytta. Eit anna døme er dei eldste slåttane, som har ei særs enkel oppbyggjing. Slåttane som vert rekna som ‘store’ og som me nok set størst pris på, er meir utbygde, laga i nyare tid.»
Jorun Marie Kvernberg

Kva er ‘vegen til’ ein god stil?


«Stilkjensle er noko ein tileignar seg over tid, ut frå kva interessefelt ein opererer i. Tidvis kan det vera enkelt å tileigna seg den, medan det på andre område krevst årelang røynsle for å opparbeida nok innsikt. Vegen til ein god stil må vera å lytta og spela mykje i mange ulike samanhengar. Det kan vera ein fordel å operera innanfor fleire stilartar. Då vil styrken og kvaliteten i den enkelte stilarten ofte kunna følast sterkare og meir verdifull enn om ein berre opererer innanfor eit snevert område».
Stein Villa

«Eg tenkjer at dette er noko som skjer nokså umedvite, og at det skjer heile tida. Ofte tileignar ein seg stilkjensla utan at ein veit det, i alle fall i første omgang. Ein vert ikkje utlært.»
Åse Teigland

«Omgrepet ‘god stil’ er relativt, og det eg meiner er god stil treng ikkje vere det andre ser som god stil. Vegen til ein eigen stil, som eg tykkjer er eit mykje meir relevant utgangspunkt, handlar om ein kombinasjon av kunnskap og dugleik. Ein nybyrjar har ingen eigen stil fordi han ikkje er dyktig nok til å kunne ‘velja’ eigen stil.»
Aslak O. Brimi

«Eg trur på fordjuping. Ein må gjerne gjere val som skil seg frå tradisjonen, men er nok betre stilt til å velja om ein kjenner den bestemte tradisjonen. Vidare kan ein diskutera kva som er ein tradisjon. Det er i tida at ein absolutt skal kalla stilen etter det geo-grafiske området. Eg trur at vi like mykje kan snakka om personlege tradisjonar – at enkeltpersonar utviklar stiltrekk. Sjølv har eg to hovudkjelder eg har nytta mykje; bestefar min, Peter L Rypdal, og Ole Blø. Desse to representerer ytterpunkt i Romsdalstradisjonen. For bestefar var den klassiske musikken eit ideal. Han spela klangfullt, ned i strengen. Det var viktig for han å få fram ein vakker tone, og for å gjere det la han gjerne vekk ornamenta. Ole Blø la meir vekt på dansemusikken. Han hadde ei meir luftig tone, bevega seg lett på strengen, og nytta mykje ornament. Sjølv nyttar eg desse om kvarandre – oftast kvar for seg. Sidan det ligg så mykje i arkiva, kan det òg vera tilfeldig kva du blir kjent med i ein tradisjon. Eg meiner at manglande kunnskap skapar dei største paradoksa. Eg har bakgrunn som klassisk utøvar, og har opplevd å få både positive og negative attendemeldingar på dette. Då eg var yngre fekk eg ofte høyra at eg hadde god teknikk, eg var kommen langt grunna den instrumentaltekniske pedagogikken som me ikkje har same tradisjon for i folkemusikken. Det har òg hendt at folk har mistolka den klassisk-inspirerte stilen som ei manglande stilkjensle. Men i Tresfjord-tradisjonen var jo ideala mot den klassiske musikken tydelege. For meg er dette eit typisk døme på korleis ein kan komme til feil slutning på manglande kunnskap.»
Jorun Marie Kvernberg


Når vert ein som går langt i høve til stilen ein stilskapar – og når går han «utanfor» stilen?


«Det er umogleg å ikkje tilføra noko sjølv. Er eg dyktig og produserer noko som fengjer mine samtidige kan eg verta ein stilskapar uansett om det let ganske annleis dei som var toneangjevande i førre generasjon.»
Anders Røine

«For oss som spelar på dei ‘utdøydde’ instrumenta, vert det kanskje til at me lagar vår eigen stil basert på den tradisjonelle. Når eg spelar norsk harpe, er det to ting eg forsøker å styra etter. For det første vil eg unngå at det høyrest ‘irsk’ eller ‘keltisk’ ut. For det andre spør eg om klangane og ornamentikken høver inn i vår tradisjon, høyrest det truverdig ut?»
Stein Villa

«Eg er villig til å trekkje det veldig langt. Om det ikkje er bra nok, vil det uansett bli gløymt.»
Unni Løvlid

«Eg tenkjer at stilkjensla er noko anna enn det personlege. Stilkjensla er handverket, medan det personlege kjem som ei kunstnarleg utsmykking. Enkelte har sterke individualistiske preg i spelet sitt, og dette kan i neste omgang få konsekvensar for stilkjensla.»
Åse Teigland

«Eg meiner at stilkjensle kun er personleg. Eg snakkar om stilkjensle i forhold til mitt, og kun mitt, uttrykk. Eg meiner at det å vera tru mot ein stil, og det å ha sin eigen stil, er fullt foreineleg. Så meiner eg at vi må skilja mellom tradisjon og stil her også. For meg er stil det personlege, det du tilfører musikken, korleis du gjer val, korleis du bruker dugleiken din når det gjeld teknikk. Tradisjonen er det som ligg til grunn, ei felles plattform for kunnskap. Innan ein tradisjon har me utøvarar med ulike stilar. Spørsmålet er, når me lærer hjå ein spelemann: Korleis skal du skilja mellom personleg stil og tradisjon? Her gjeld det å vera viss sin eigen stil, og ikkje minst ha kunnskap nok til å klare å skilja.»
Aslak O. Brimi


«Går det an å synge utan å tilføra noko personleg? Berre dette med stemme og klang heng tett saman med kropp og vesen. Somme oppnår å bli stilmessige førebilete, men det er sjeldan ein høyrer at slike er kopiert utan at det samstundes er forma noko om på. Ein høyrer vel mest berre kvar inspirasjonen er henta frå. Eg trur det må vera ein slags personleg likskap utøvarar i mellom for at dei skal likna kvarandre mykje i måten å synga på.»
Ingvill Marit Buen Garnås

«Dette handlar igjen om samhandling. For å bli ein stilskapar må den som spelar og dei som høyrer på ha samhandla, så ein har ei felles oppfatning av kva som er rett. Ut frå samhandlinga kan ein laga seg oppfattingar om korleis det skal låta for å vera ‘inne’ eller ‘ute’. Men den eigenskapen ligg ikkje i lyden! Den ligg i det som folk har vorte samde om etter lang tids samhandling. Desse spørsmåla er også avhengige av kva smaksleiarar tykkjer; av kven som har nok tillit og sosial makt til å kunna seia at dette er ok eller ikkje. Kommunikasjonskjeden er òg ein del av ei stilkjensle.»
Tellef Kvifte


Vert ein stagnert dersom stilkjensla er det einaste viktige?


«Om stilkjensla er det einaste viktige, vert me ståande på same flekken. Det er me ikkje tjente med. Utvikling av ein stil må nødvendigvis skje gjennom å utfordra stilkjensla.»
Stein Villa

«Du har lite på ei scene å gjera, om det einaste du vil oppnå er å meistra eller fremma ein stil. Du må ha noko på hjarta, og helst evna til å formidla òg. Men det vert å blanda objektive og subjektive faktorar om ein skal setja stilkjensle opp mot formidling. Kva som opplevast som god formidling er mellom anna avhengig av kva publikum er fortrulege med. Mange kan nok oppleva ein tradisjonell syngjemåte som ganske framand. Slik sett har vel dei meir tradisjonelt orienterte utøvarane eit vanskelegare utgangspunkt for å treffe massane enn dei med ein meir ‘normalisert’ stil, eller som er med ulike i crossover-konstellasjonar.»
Ingvill Marit Buen Garnås
 
«Det personlege har store moglegheiter innanfor stilkjensla. Elles er det sjølvsagt eit paradoks at dei som vert rekna som dei største stilskaparane, er folk som i si tid har gått utover det som må ha vore stilkjensla i samtida; Myllarguten, Jørn Hilme, Fant-Karl: Alle kom med noko nytt.»
Frode Rolandsgard

 

I dag spelar me Bach på sølvfløyte og på traverso. Somme spelar med vibrato, andre gjer det ikkje. Kva me likar, varierer. Om ei tid vil me kan henda fnysa av Leif Ove Andsnes sine tolkingar av Grieg sine lyriske stykke framført på moderne Steinway-flygel. Me vil kan henda krevja at verka skal framførast på instrument som liknar dei komponisten sjølve hadde i heimen sin på Troldhaugen? Kanskje vil me verdsetja den tørre, varme, knisprige lyden – ikkje den store, omfattande klangen. I arbeidet med denne artikkelen støtte eg på eit intervju der ein songar uttalte at berre norske songarar kan synga Grieg sine songar til gagns: Berre dei norske songarane har «den norske tradisjonen » under huden, vart det hevda. Andre vil kan henda meina at Grieg alt i bearbeidinga si av folketonene var på veg vekk frå det «opphavlege», inn mot ei anna, kunstla form. Paradoksa er mange, og Tellef Kvifte har kan henda rett i at mykje handlar om samhandling, diskusjon og om felles samtalar om smak. Men om diskusjonane står utanfor musikken sjølv; kva finn me så i lyden?
 

Ida Habbestad (f. 1980): Utdanna fløytist ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho har arbeidd som konsertprodusent, og er no journalist i ballade.no og konsertmeldar i Dagsavisen.