Det er NRK Telemark som melder dette. I følge nettsida til distriktskontoret meiner Knut Buen at det er mange viktige og stimulerande musikkprisar her i landet, men at Spellemannprisen ikkje lenger er ein av dei.

NRK Telemark siterer Buen på at det er "tilfeldigheitar som styrer utvalet av prisvinnarar, og at seriøs musikk blir skuva heilt i bakgrunnen". Spellemannprisen har difor blitt "ei uverdig markering av musikkbransjen".

Knut Buen skal også reagere på sjølve forma som prisutdelinga etter kvart har fått.

- Blaserte unge musikare kjem allernådigst opp på scena for å ta imot harpa, seier han.

Årets Spellemannutdeling blei sett av 666 000 TV-sjåarar, noko som er eit av dei dårlegaste resultata gjennom tidene. Rett nok gjekk sendinga i skarp konkurranse med NRK, som fekk svært høge tall på sine VM-sendingar.

– Spellemann var ei heidersnemning tidlegare, men no er det øydelagt, seier Buen. Han vann sjølv prisen i både 1992 og 1994.

NRK Telemark har óg prata med styreleiar i Spellemann A/S, Marte Thorsby frå IFPI. Ikkje overraskande er ho ikkje heilt einig med Buen.

– Bransjen set pris på Spellemannprisen. Artistane synes det er gøy. Eg trur ikkje denne prisen blir lagt ned med det første, seier ho.

- Spellemannprisen er eit seriøst show. Sjåarane får det dei vil ha på TV, konkluderar ho.

Spellemannprisen vart fyrste gong delt ut i 1973, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannkomiteen,som er valt ut av IFPI Noreg og  FONO.

Er du einig med Knut Buen? Meiner du at kritikken råkar for kvasst? Folkemusikk.no tek gjerne imot di meining om saka. Eventuelt må gjerne lengre innlegg sendast til info@folkmusikk.no. Du kan lese heile saka hos NRK Telemark på denne lenka.