Folkesongaren, komponisten og arrangøren Unni Boksasp vann i helga sin første Spellemannpris. Den fekk ho og og Unni Boksasp Ensemble for albumet ”Keramello”, som er utgjeven på det vesle selskapet Øra Fonogram i Ilsvika i Trondheim. ”Keramello” har fått mange lovord frå platemeldarane, og vart omtalt som "et lekent, livsbejaende og fengende album” i Aftenposten.
Sindre Bremnes melde ”Keramello” i Bladet Folkemusikk, og var imponert over utgjevinga. Han kalte plata eit ”musikalsk festmåltid”, og skreiv vidare:
”Repertoaret spenner vidt, her er vilske danseslåtter side om side med melankolske kjærlighetserklæringer, voggesanger, skillingsviser og lokk, alt like kompetent arrangert og framført. Tradisjonelt materiale står side om side med Boksasps eget materiale. Med hennes dype røtter og tradisjonsforståelse er denne blandingen ytterst vellykket, dette må være blant de mest sømløse blandinger av nytt og gammelt på plate her i landet.”
Unni Boksasp Ensemble speler arrangert folkemusikk frå midt-Norge, der tradisjonelle songar er utgangspunkt for arrangementa. Musikerane i ensemblet er alle handplukka, og er meritterte på kvar sin kant. I tilegg til Unni Boksasp sjølv, har Jorun Marie Kvernberg, Trygve Brøske, Olav Mjelva, Magne Vestrum og Petter Berndale medverka på feler, zither, bass, perkusjon, trøorgel og vokal.
Unni Boksasp er frå Tingvoll på Nordmøre, og er utdanna ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Ho er i dag busett i Tinn i Telemark, der ho jobbar som fulltids musikar. Som kvedar vann ho Vokal Klasse A under Landskappleiken på Voss i 2010, der ho representerte Nordmøre spelemannslag.
Folkemusikk.no ønsker lukke til med prisen!
Heimesida til Unni Boksasp og Unni Boksasp Ensemble finn interesserte på denne lenka. Du kan og lese meir om Unni Boksasp hos Folkemusikkkatalogen, og sjå heimesidene til Øra Fonogram her.