NU_Sommarleir_2012(crop440x246px)

Sommarleiren

Sommarleiren er eit rusfritt arrangement for ungdom mellom 14 og 26 år i regi av Noregs Ungdomslag og vert arrangert i dagane før Folkedansfestivalen. På Sommarleiren er det lagt opp til forskjellege stuttkurs av høgaste kvalitet innan folkemusikk, folkedans og teater. I tillegg til kurs drar vi på tur, speler teatersport, dansar, lagar film og har fest. www.sommarleiren.no

Mokurset2006

Mokurset

Sommarkurs i Sogn og Fjordane. Mokurset starta opp i 1984 og er såleis det sommarkurset med lengst tradisjon i Noreg. Det har vorte arrangert kvart år sidan. Mokurset vert halde kvart år i juli/august og er eit tilbod om opplæring på fele, hardingfele, toradar, trekkspel, song og dans. Også bukkehorn og lur har vore representert i dei siste par åra. www.mokurset.no
UngFolk191x140

UngFolk

Sommarleir i Seljord. Ungfolk er ein sommarleir med folkemusikk og folkedans i fokus. Leiren varer i fem dagar, og er for deg mellom 10 og 18 år som er interessert i folkemusikkband, hardingfele, flatfele, langeleik, kveding, fløyter eller dans. www.ungfolk.no
strunkelogo

Strunkeveko

Strunkeveko er eit sumarkurs i folkemusikk og folkedans for born og ungdom. Det blir arrangert kurs i: song, fele, hardingfele, langeleik, toradar/trekkspel, samspel, dans med vekt på halling, folkedansteater, dans og uttrykk og ministrunken. www.strunkeveko.no
Kalottspel

Kalottspel - kurs

Kalottspel er en folkemusikk- og folkedansfestival som arrangeres i Målselv.
Kalottspel byr på konserter, kurs, seminarer, dansetilstelninger og mye mer.
Kalottspel er et møtested for amatører, profesjonelle aktører og publikum på Nordkalotten.
Kalottspel skal være med å ta vare på og utvikle folkemusikken og folkedansen på Nordkalotten, for på den måten å styrke rekrutteringa til sjangeren.
Kalottspel har ei rekke kurs til ungdom i alderen 6-15 år. http://www.kalottspel.no/