TA69CD_digipak_DAX112XX

Setesdalsslåttar / Vokal folkemusikk IV


På denne Cd-en finn du tradisjonsslåttar frå Setesdal og viser, stev og stubbar frå heile landet. Blant utøvarane får du høyre mellom anna Torleiv H. Bjørgum, Brita Bratland, Olav Harstad, Magnhild Almhjell og mange fleire.

 

 

TA56CD_digipak_DAX112XX

Slåttar frå Telemark I


Johannes og Gunnar Dahle var borneborn av storspelemannen Knut Dahle i Tinn, han som mellom anna spelte inn slåttane som Edvard Grieg seinare brukte i "Slåtter, opus 72" Johannes og Gunnar var sjølve av dei fremste spelemennene i landet i si tid, og på denne utgjevinga spelar dei mange av slåttane etter bestefaren.

 

 

Om serien Norsk Folkemusikk


Serien er eit nyopptrykk av serien Norsk folkemusikk som kom ut på EP og LP-plater mellom 1954 og 1974, den gongen i samarbeid mellom NRK og plateselskapet RCA.

Opptaka var i mange år borte, men Arne Bendiksen hadde take vare på råopptaka, etter at han for mange år sidan kjøpte rettigheitane etter det gamle plateselskapet RCA. Utgjevinga kjem difor ut i samarbeid med Arne Bendiksen Records.

LP-serien frå 70-talet var illustrert av Kari Rolfsen, og teikningane hennar har i seg sjølv blitt ein del av folkemusikkhistoria.