Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

ARKIV-CD

Nye utgjevingar i serien Norsk folkemusikk

Norsk_Folkemusikk_talik_400_px

ta:lik og NRK har dei siste 8 månadene kome med 8 nye plater i serien Norsk folkemusikk.

I serien har det til no kome ut 13 plater, av totalt 20, der den siste blir ein DVD med fjernsynsopptak.

Serien er eit nyopptrykk av serien Norsk folkemusikk som kom ut på EP og LP-plater mellom 1954 og 1974, den gongen i samarbeid mellom NRK og plateselskapet RCA.

I serien får du mellom anna høyre storspelemenn som Odd Bakkerud, Ola Bøe, Torleiv Bolstad, Lars Skjervheim, Jens Amundsen, Gunnar og Johannes Dahle, Sven Nyhus, Ola Opheim, Hilmar Alexandersen, kvedarar som Brita Bratland, Rønnaug Vangen, Ragnar Vigdal og mange fleire. Til saman 87 utøvarar / grupper! Serien er utan tvil ein referanseserie for dei som er interessert i norsk folkemusikk. Produsent for den opphavlege serien var Rolf Myklebust i NRK, medan Gunn Gausemel, også ho i NRK, er produsent for den nye utgjevinga.

Opptaka var i mange år borte, men Arne Bendiksen hadde take vare på råopptaka, etter at han for mange år sidan kjøpte rettigheitane etter det gamle plateselskapet RCA. Utgjevinga kjem difor ut i samarbeid med Arne Bendiksen Records.

LP-serien frå 70-talet var vakkert illustrert, hovudsakleg av Kari Rolfsen, og teikningane hennar har i seg sjølv blitt ein del av folkemusikkhistorien.


Dei åtte siste platene som har kome er:

} catch(err) {}  TA58CD_digipak_DAX112XX

 

SEPTEMBER:
Slåttar frå Telemark / Kjetil Løndal

 

 

AUGUST:
Religiøse folketonar (diverse utøvarar)

 

 

JULI:
Slåttar frå Vågå / Ola Opheim, Pål Skogum og Vågå spelmannslag

 

 

JUNI:
Slåttar frå Telemark og Setesdal / Otto Furholt, Signe Flatin Neset og Einar Løndal

 untitled

 

MAI:
Slåttar frå Hardanger, Voss og Krødsherad / Arne Bjørndal, Sigbjørn B. Osa, Truls Ørpen og Anders Kjerland

 TA62CD_digipak_DAX112XX

 

APRIL:
Slåttar frå Lom og spelemannslag / Lom spelemannslag, Laget for folkemusikk, Hardingfeletrioen og Hans Brimi

 TA65CD_digipak_DAX112XX

 

MARS:
Gamle folkemusikkinstrument (diverse utøvarar)

 TA60CD_digipak_DAX112XX

 

FEBRUAR:
Slåttar frå Hallingdal og Valdres / Kristian Øvrevollseie, Odd Bakkerud, Torleiv Bolstad og Ola Bø

 

KJELDE: ta:lik




| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk