Folkemusikk og gammaldans har nesten alltid vore godt representert under Spellmannprisen. Det aller første året vart det rett nok ikkje delt ut nokon pris for folkemusikken, noko som skapte både harme og debatt. Alt året etter var folkemusikken komen på plass.

Den aller første statuetten vart overrakt Oddvar Nygårds Kvartett av programleiar Rolf Kirkvaag, medan Sigbjørn Bernhoft Osa fekk ein eigen heidringspris frå Spellemannjuryen. Musikksjef Egil Monn Iversen skal elles ha nekta Osa å spele saman med den bergenske popgruppa Saft mot slutten av sendinga.

Sidan har folkemusikk og gammaldans vore eit fast innslag under tildelinga, sjølv om det etter kvart har vorte vanskelegare å få auge på vinnararne i TV-ruta. Det første året vart det kåra vinnarar innanfor sju kategoriar -- i 2011 har dette auka til heile 27 prisar.

 
 

1. 1973. Folkemusikk/Gammaldans. Oddvar Nygaards Kvartett


2. 1974. Folkemusikk/Gammaldans. Sven Nyhus' kvartett og sekstett


3. 1975 Folkemusikk/Gammaldans.  Sture Rogne og Ragnar Danielsens Orkester: ”Det glade Aalesund – Per Bolstad, 1875 – 1975"


4. 1976 Folkemusikk/Gammaldans. Torader-Trioen: "Takk for sist"


5. 1977 Folkemusikk/Gammaldans. Aanon Egeland/Per Midtstigen: ”I heitaste slåtten”


6. 1978 Folkemusikk/Gammaldans. Sven Nyhus: ”Dovregubben Danser”


7. 1979 Folkemusikk/Gammaldans. Slinkombas:  ”Slinkombas”

 



8. 1980 Folkemusikk/Gammaldans. Land Spelmannslag: ”Gammeldans og springdans fra Land”


9. 1981 Folkemusikk/Gammaldans. Hørkelgaddan: ”Tøffelmusikk”


10. 1982 Folkemusikk/Gammaldans. Sondre Bratland: ”Pilgrimens sangbok”


11. 1983 Folkemusikk/Gammaldans. Tone Hulbækmo: ”Kåmmå no…”


12. 1984 Folkemusikk/Gammaldans. Agnes Buen Garnås: ”Draumkvedet”


13. 1985 Folkemusikk/Gammaldans. Elisabeth Kværne: ”På langeleik”


14. 1986 Folkemusikk/Gammaldans. Dalakopa: ”Dalakopa”


15. 1987 Folkemusikk/Gammaldans. Arve Moen Bergset: ”Arvesølv ”


16. 1988 Folkemusikk/Gammaldans. Kirsten Bråten Berg: ”Min kvedarlund”


17. 1989 Folkemusikk/Gammaldans. Steinar Ofsdal/Per Midtsteigen: ”Sjøfløyta ”


18. 1990 Folkemusikk/Gammaldans. Torleiv & Hallvard Bjørgum ”Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal”.


19. 1991 Folkemusikk/Gammaldans. Sør-Fron Spelemannslag: ”Den lykkelige frier”


20. 1992 Folkemusikk/Gammaldans. Hauk og Knut Buen: ”Fykerud’n ”



Vi tek óg med at fleire folkemusikkutøvare har motteke heiders- og spesialpriser. Mellom desse finn me Sigbjørn Bernhoft Osa (1973) og Sven Nyhus (1999). De mestvinnande enkeltutøvarane er vel elles Knut Buen (1992, 1994) og Hallvard T. Bjørgum (1990, 1998). Kvarts er einaste gruppe som har vunne to gonger, i 1999 og 2006. Fleire utøvare har óg vunne Open klasse og kategorien for Barneplate, men det tek me ved eit seinare høve.