I åra 1997 og 1998 skilde folkemusikken og gammaldansen lag, noko som førde til at hhv. Gluntan og Picazzo stakk av med prisane i den nye katgeorien Danseorkester / Gammaldans. Denne samanslåinga vart vel ikkje heilt vellukka, og frå 2000 var folkemusikken og gammaldansen igjen samla som ein kategori.

I 2003 flytta Spellemannprisen frå sitt gamle heim hos NRK, og sto no fram i ny drakt hos TV2. Samstundes var det fleire kategoriar enn nokon gong, noko som førde til at mange musikksjangrar forsvann frå TV-ruta. Folkemusikken var ikkje noko unntak.

- Vi var spente på hvordan det første programmet programmet på TV 2 ville se ut, og skuffelsen ble dessverre svært stor, uttalte dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn, Magnar Sundt, dette året til Ballade.no. - Sjangeren som har gitt prisen navn og statuettene symbolet, folkemusikken, fikk sin pris delt ut i pausen for nyhets- og reklamepause. Vi finner oss ikke i å bli tilsidesatt slik.

Dette førde til at Folkelarm-arrangementet oppsto som eit supplement til Spelemannprisen, for å sette meir fokus på folkemusikksjangeren. Sidan 2005 har dei to arrangementa levd side om side.

Om ein skal seie noko heilt generelt om utviklinga til folkemusikkdelen av Spellemannprisen, var nok 70-åra prega av grupper og ensembler. På 80-talet var det meir solistar som vart hedra. På 2000-talet kjem ei rekke nye namn til, samstundes som nye plateselskap som Ta:lik og Etnisk Musikklubb har mange nominerte.
 

21. 1993 Folkemusikk/Gammaldans. Bjørn Odde og Amund Bjørgen: ”Slåttemusikk frå Lom”

 


22. 1994 Folkemusikk/Gammaldans. Knut Buen/Leif Rygg/Kåre Nordstoga: ”Bjølleslåtten (slåttar etter Ola Mosafinn)"


23. 1995 Folkemusikk/Gammaldans. Nye Ringnesin: ”Frå vals til vise”


24. 1996 Folkemusikk/Gammaldans. Arne M. Sølvberg: ”Nordfjordslåttar”


25. 1997 Folkemusikk. Ragnhild Furholt: ”Segner syng”


26. 1997 Danseorkester/Gammaldans. Gluntan: ”Levandes live”


27. 1998 Folkemusikk. Bjarne Herrefoss / Knut Hamre / Hallvard Bjørgum: ”Toneflaum”


28. 1998 Danseorkester/Gammaldans. Picazzo: ”Blanke ark”


29. 1999 Folkemusikk/Gammaldans. Kvarts: ”Kvarts”


30. 2000 Folkemusikk / Gammaldans. Håkon Høgemo: ”Solo”'


31. 2001  Folkemusikk / Gammaldans.  Per Sæmund Bjørkum:  "Berg og Vatn"


32. 2002  Folkemusikk / Gammaldans.  Øyonn Groven Myhren & Odd Nordstoga: "Nivelkinn" 


33. 2003  Folkemusikk /Gammaldans.  Majorstuen: "Majorstuen" 


34. 2004  Folkemusikk /Gammaldans.  Vidar Lande og Gunhild Tømmerås:  "Sordølen - Slåtter og Slåttestev fra Setesdal"


35. 2005  Folkemusikk/Gammaldans.  Sigrid Moldestad/Einar Mjølsnes/Håkon Høgemo: "Gamaltnymalt"


36. 2006  Folkemusikk/Gammaldans.  Kvarts: "Steinsprang" 


37. 2007  Folkemusikk /Gammaldans.  Sigrid Moldestad: "Taus" 


38. 2008  Folkemusikk /Gammaldans.  Gjermund Larsen Trio: "Ankomst" 



39. 2009  Folkemusikk / Gammaldans. Olav Luksengård Mjelva: "Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal"



40. 2010 Folkemusikk / Gammaldans.  Unni Boksasp Ensemble: "Keramello"



Når det gjeld Åpen klasse, som har vert delt ut sidan 1972, har den blitt vunne av m.a. Steinar Ofdal (1983), Balkansemblet (1984), Kalenda Maya (1985), Frode Fjellheim (2004) og Farmers Market (2008). Mari Boine har vunne denne prisen heile tre gonger: I 1989, 1993 og 1996.