– Hulda Garborg var ein sterk trendsetjar for ungdomen. Ho var radikal, og var ikkje redd for å bryte med tradisjonen. Ho fekk med seg dei unge, særleg når det galdt folkedans, men ho var også ein trendsetjar når det galdt bunader, heimeinnreiing og teater, seier forfattaren Arnhild Skre, som no held på med ein biografi om Hulda Garborg med vekt på norskdomsarbeidet hennar. Boka kjem ut til 150-årsjubileet for Hulda Garborg sin fødsel i 2012.

HULDA BERGERSEN (1862—1934) vart fødd på Stange i Hedmark. Ho voks opp på Hamar og seinare i Kristiania.no-nb_sml_ 1830 I ungdomen vanka ho i radikale krinsar, både i Arbeidersamfundet og seinare i norskdomsrørsla.

– Ho vart tidleg oppteken av dans gjennom den frilyndte folkehøgskolen på Sagatun, og ho vart svært interessert i dei norske episke visene, fortel Skre.

Hulda meinte det måtte ha eksistert ein mellomaldersk kjededans i Noreg som likna songdansen på Færøyane. Då ho kom over eit hefte om dansen på Færøyane, prøvde ho å rekonstruere ein norsk dans på grunnlag av opplysningane ho fann i boka.

– Den 7. mars 1902 viste ho fram norsk folkevisedans for fyrste gong i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) saman med nokre veninner. Dansen vart raskt populær blant ungdomen, særleg i ungdomslag og på folkehøgskular.

Sommaren 1902 reiste Hulda til Færøyane for å sjå dansen der. Men då oppdaga ho at den færøyske dansen ikkje passa heilt for dei norske visene, og difor forandra ho ein del på steget, seier Skre.

”Det er med dansen som med alt; nye tidir krev nye formir,” skriv Hulda i boka "Song-Dansen i Nord-Landi" som ho gav ut i 1903.

I STARTEN FEKK HULDA mykje gratis merksemd fordi ho var gift med forfattaren Arne Garborg.

– Ho sette mannen sin til å halde foredrag når ho skulle vise fram dansen, for då visste ho at det kom folk. Men etter kvart var det henne dei kom for å høyre på, fortel Skre.

– I 1902 var Hulda Garborg 40 år, men hadde ein reiseaktivitet som er nesten ubegripeleg, meiner ho.

I 1903 vart Hulda invitert til Stockholm, der ho viste fram dansen på Skansen saman med spelemannen Olav Moe frå Valdres og elleve dansepar. Dei dansa turdansar, springar og gangar.

– Ho reiste land og strand rundt for å lære bort songdansen, samtidig som ho heldt foredrag om bunader. På reisene sine fekk ho greie på mykje om dei gamle folkedraktene. Då ho kom til Gol i Hallingdal og såg drakta der, syntest ho den var fin, men upraktisk, fortel Skre.

Med utgangspunkt i bunaden frå Gol konstruerte Hulda ei ny drakt, der ho mellom anna endra på snittet. Den nye Hulda Garborg-drakta vart umåteleg populær over heile landet.

HULDA LIKTE heller ikkje hovudbunaden i øvre Hallingdal, og meinte luva frå Gol var meir ”tidhøveleg”. I boka Norsk Klædebunad, som Hulda gav ut 1903, skriv ho: ”Golsluva er sers klædsam, og i seinare tid hev eg sétt, at ålsgjentur tek den i staden for hetta, som er tungvinn og slit stygt på håre.” Også drakta i Valdres var for tungvinn og umoderne. Difor laga ho ein heilt ny brodert bunad ut frå ei rosesauma lue.

– Nettopp fordi ho braut så radikalt med tradisjonen, fekk ho ungdomen med seg, meiner Skre.

Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Andre del av dette intervjuet kan du no lese her.