- Kva betyr Bygde-Noreg for deg?

- Det betyr alt. Det er der eg bur, der eg fungerer og veit eg har eit godt liv. Vi på bygda blir skåna for mange ting folk i byen blir utsett for. Vi har mange tradisjonar og ein kultur som lever sterkt her, sjølv om det også er tilfelle i byen, seier Ingrid Dillekås Adelsøn frå Tinn i Telemark.

Les også: Stem på Årets bygdeprofil

Brenn for gamle klesskikkar
67-åringen har sydd bunader sidan ho var ungjente. No er ho nominert som Årets bygdeprofil for sin livslange innsats og sitt engasjement for norske folkedraktskikkar.

Ho er også truleg den einaste skomakaren i landet som veit korleis ein lagar bunadssko frå 1800-talet.

- Det har eg tenkt mykje på, og det er ein kunnskap eg trur kjem til å forsvinne. Det er ikkje noko å leve av. Eg har vore heldig og hatt ein snill mann som har kjøpt mjølk og brød. Eg har berre gjort det fordi det har vore moro. Eg har lett for å få litt dilla, seier ho.

Ved sidan av folkedraktarbeidet har Adelsøn 35 år fartstid bak seg som drosjesjåfør i Oslo. Ho var ei kjenning blant kundane ved at sy- og strikkesaker alltid har vore med. Drosjebilen har ho framleis, men no leiger ho den ut.

- Sidan 1996 har eg leika meg med folkedrakter og sko. Eg har ikkje peiling på kor mykje eg har laga. No sel eg ikkje lenger, men sparar opp til utstillingar, fortel ho.

Læremeister og motivator
Tinndølen holder ei rekke kurs og er oppteken av å dele av det ho kan.

- Eg prøver å få kunnskapen ut til alle som er interessert.

- Kven er dei som kontaktar deg for å lære?

- Som oftast elevar frå Raulandsakademiet, husflidslag frå heile landet eller lokale som skal ha hjelp. No har eg eit kurs på Tinnbunaden, med mange ivrige deltakarar. Då må vi motivere, veit du.

- Kva vil du seie om interessa for bunader og folkedrakter sett i eit tiårsperspektiv?

- Det har teke seg veldig opp dei seinare åra. Bunader er dyrt å kjøpe, og jentene finn ut at det er mykje dei kan gjere sjølv. Eg fekk nyleg besøk frå ei ung dame frå Grimstad som hadde ei mor frå Rjukan, og som trong råd. Folk kjem frå alle kantar av landet.

- Er ikkje det litt slitsamt?

- Nei, det er veldig hyggeleg. Eg bur så einsamt og har ingen naboar på fleire kilometer. Eg blir kjent med mange, og eg lærer av det også.

Fører liberal bunadspolitikk
Adelsøn har inga streng kutyme på kva som er lov og ikkje.

- Bunadspolitiet er for meg så fjernt. Går vi tilbake til 1800-talet, brukte folk det dei hadde og fekk tak i. Det er frå den tida det fine kulturelle mangfaldet i dei gamle draktene stammer. Utviklinga med masseproduksjon klarer ein ikkje å stoppe, men eg synest det er kjempemoro at folk syr sjølv. Det er då mangfaldet kjem og plagget får ein annan dåm, seier Adelsøn.

No arbeider ho med å etablere eit folkedraktsenter på småbruket sitt på Maurud i Hovin.

- Eg har drøymt om det lenge, og i vinter håpar eg vi kan få det ferdig. Eg må ha noko å drive med, og håpar berre eg kan halde meg frisk slik at eg kan drive med dette lenge.

- Kven er din favoritt blant kandidatane til Årets bygdeprofil?

- Therese Johaug. Ho er så energisk.