Årets tevling i vokal folkemusikk på NM på Geilo ligg bak som ei ubeskriveleg stor oppleving, men som dommar sit ein også att med erfaringar og tankar om alle dilemma som denne tevlinga byr på. Problem finst det løysingar på, dilemma er situasjonen der ulike ideal og omsyn ikkje let seg sameine, det eine må gå på kostnad av eit anna. Eg skisserer her det eg opplever som vesentlege dilemma i dommarsituasjonen og har nokre framlegg til praktisk oppfylging. Det vert også på sett og vis ei klargjering av det eg prøvde å uttrykkje under tildelinga av æresmedlemskap tidlegare i NM-veka.


Deltakarsituasjonen

Tryggleik, utstråling, evne til kontakt og til å gjera innhaldet og stemningane i songen levande og medrivande varierer. Sumt kan lærast og øvast, anna er medfødd som ei særleg gåve til dei få.

Røystene varierer, dei er større eller mindre, høge eller djupe, sterke eller svake, øvde eller mindre øvde. Einskilde er klassisk skolerte med opne vokalar, andre syng tradisjonelt, naturleg og talemålnært. – Dei spisse vokalane i valdresmålet, dei runde djupare i telemålet. Dalføre etter dalføre, fjordbygd etter fjordbygd set på kvar sin måte preg, anten songen er ei litterær tekst som til dømes ei bygdevise, skillingvise eller ein salme, eit slåttestev, ein bånsull eller ein skjemtestubb. Tilsvarande set bymålsbakgrunn sitt preg, anten stoffet er i ein familietradisjon eller lært på kurs med våre fremste kvedarar.

Tonestoffet fylgjer lokale stil- og sjangerkoder som at slåttestevet fylgjer slåttetakta, men er òg personleg utforma som tempoet i ein balladetone eller ein skillingsvisetone varierer frå langsamt dvelande til stiltypisk duvande rytmikk etter kven som syng. Tilsvarande varierer religiøse songtonar frå enklare stil og utforming til meditativ framføring med overdådige forsiringar som utøvaren anten har tileigna seg eller ”stolprar seg igjennom” tone for tone.
 

Dommarsituasjonen

Dommaren rår over ei svært avgrensa kunne i høve mangfaldet på ein kappleiksscene. Mange har vel som eg sjølv stor kunnskap om eigen lokal- og familietradisjon, har delteke på dommarkurs og kvedarseminar, men utan brei systematisk innføring i stil, tonalitet og sjangerkunne. Sjølv om dommaren i prinsippet er innstilt på å gjera kritiske merknader etter kriteria på dommarskjemaet, kan også andre forhold gjera seg gjeldande. Er utøvaren, songen, tonen eller tradisjonen kjend, skjerpar det øyra, noko som kanskje like gjerne kan slå ut båe vegar. Tilsvarande kan manglande kunnskap om utøvaren eller songmaterialet sløve øyra for det som sakleg sett burde tilleggjast vekt.

Med tre–fire minutt per deltakar er det ikkje mykje tid til områding og til å setja poengsum og merknader. Til sjuande og sist er det nett desse merknadene som vert haldepunkta og grunnlaget for diskusjonen og den endelege rangeringa. Ideelt sett skulle dommarane utfylle kvarandre, og ein kunne såleis ha levert lista som ho var. Så enkelt er det ikkje, og så enkelt skal det ikkje vera. Diskusjonen på dommarmøte er ein viktig diskusjon, men tidsramma er ofte snau til alle spørsmåla og funderingane.


Oppgåva til dommarane er å rangere utøvarane så rett og rettferdig som råd. Det betyr blant anna å fylgje rettesnorene i dommarskjemaet, som er:

1) Teknisk dugleik: Plusspoeng for god flyt og velforma melodiline og eventuell utsmykking. Trekk for urein tone og/eller ustø tone, for anstrengt, oppstykka eller utydeleg melodiline.

2) Stilkjensle: Plusspoeng for sikker bruk av eldre tonalitet. Trekk for manglande stiltrekk eller bruk av stiltrekk frå andre musikkstilar.

3) Musikalsk tolking: Plusspoeng for variert utforming og modent uttrykk, for god rytmisk spenst og for allsidig songval. Trekk for flat, mekanisk rytme eller frasering, for einsformig eller uferdig uttrykk.

4) Formidling: Plusspoeng for truverdig og fengjande framføring. Trekk for framføring utan innleving og for uklår tekstuttale.


Nokre av kriteria er enklare å høyre og vektlegge enn andre. Hovudutfordringa for dommaren er å skilje mellom den tradisjonsbaserte, naturlege songen, og den teknisk skolerte. Eit døme: Når den skolerte songrøysta er stor og pusteteknikken veløvd, er det lett å overhøyre at slåttetakta ikkje stemmer fordi målføreuttalen ikkje er på plass, eller at tonefargen ikkje harmonerer. Dette er berre eitt av fleire dilemma, ikkje berre i rangeringa av dei beste songarane, men også i lista elles.

Personleg meiner eg at tradisjonsaspektet er for lite vektlagt generelt, – også i kappleiks- og tevlingssamanheng. Kanskje burde dommarskjemaet hatt ei klarare presisering og dermed vera meir retningsgjevande enn i dag på nett dette punktet. Det vil i så fall vere med på å skjerpe øyra i dømminga og yte rettferd til dei som faktisk representerer ekte og levande tradisjon. Ei tydeleggjering av dommarskjemaet vil også vere med på å oppdra og auke forståinga for nyansane som ein kan lære berre ved innskjerpa lytting.

Oppfylging

Norske songtradisjonar er eit stort og spennande mangfaldig hav, og får stadig fleire unge, gåverike utøvarar med store, vedunderleg vakre røyster. Landskappleiken bør fungere som ein rekrutteringsarena med den tradisjonelle klasseinndelinga, og kurs for å kvalifisere dommarar, men ikkje berre det: Framtidas landskappleik må også ha ein meisterarena, der eldre kjende og gode tradisjonsformidlarar kan koma fram. Desse bør inviterast til konsert før tevlingane, til eit ”kvedarbad” og obligatorisk ”lytteøving” for dommarar og deltakarar. Det ville bidra til å skjerpe dommarane og ikkje minst vera med på å øve eit lyttande øyra hjå dei unge utøvarane.


Jarnfrid Kjøk

Innlegget vart publisert i Spelemannsbladet 5/09