Frå dei rykande ferske sidene kan du mellom anna lesa dette: Portrettet: Etter fleire år med leiting har Aasmund Nordstoga endeleg funne meininga med livet. Han måtte berre heim fyrst. ”Jeg har aldri angret så mye som et sekund på at vi flyttet hit. Nå har jeg kommet på min hylle i livet. Akkurat den kombinasjonen jeg vil ha. Musikk og melk. Det er perfekt.” Les meir om songaren og gardbrukaren i siste nummeret av Spelemannsbladet.

Felesenter utan tak og vegger: I Bø i Telemark har ein i fleire år arbeidd for å etablere eit senter for hardingfela. 1. mars i år vart prosjektperioden avslutta. Sidan har ingen ting skjedd. Spørsmålet mange stiller, er: Kven skal vidareføre arbeidet med å etablere eit hardingfelesenter? Og blir det eit senter for hardingfela i det heile? – Viljen er der, men vi har ikkje pengar, seier Arne Storhaug, ordførar i Bø kommune.

Stortingsvalet 2009: Mange jublar over dei rekordstore løyvingane dei siste fire åra. Fleirtalsregjeringa har styrkt og rusta opp kulturfeltet med fleire nye, friske milliardar av kroner. Dei har gjort feltet viktig samt føreseieleg for tusenvis av svoltne og fattige musikarar, festivalar og biletkunstnarar. Og då burde vi vel vere nøgde? Men, meir enn å leite i partiprogramma på jakt etter riktige svar bør du som veljar stille følgjande spørsmål: Kva gjer milliardane frå statsbudsjettet med den kritiske stemma i kulturlivet? Har pengestraumen frå Giske gjort oss til late, passive og uinteresserte mottakarar?, skriv redaktør Knut Aastad Bråten.

NM i folkemusikk: Noregsmeisterskapen i folkemusikk på Geilo og Ål vart ein økonomisk suksess. Ifølgje NM-leiar Øyvind Kvile går det mot ny økonomisk rekord, nærmare bestemt 700 000 kroner i forteneste for arrangørane. Men fleire meiner arrangementet vart for stort.

– Publikum vart pressa til å velje vekk mange klasser. Skal ein halde fram med NM også i framtida, vonar eg vi får kvalifisering i forkant, slik at klassene ikkje blir for store, seier Kvile. Kommentar om tevlingsdansen på NM i folkemusikk: ”Så lenge jeg har fulgt med på dansen i seniorklassene på landskappleiken, har jeg mer enn en gang latt meg frustrere over at gode deltakere i B-klassen har prestert godt over snittet i A-klassen. Derfor så jeg virkelig fram til årets NM med sammenslåtte seniorklasser i dans. Og forventningene mine ble innfridd. A-klassens privilegier ble grundig utfordret.” Les meir i kommentator Minna Wetlesen sine observasjonar frå NM i folkemusikk.

Elles kan du lese fleire kommentarar frå NM i folkemusikk, frå Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og frå Folkemusikkdagane i Ål samt debattinnlegg, plate- og bokmeldingar og mykje, mykje meir. ----------

__________________


Du får kjøpt Spelemannsbladet hjå Perstølen Libris i Ål, hjå Akademika i Bø i Telemark og på Nord-Aurdal Folkebibliotek.

Har du tips eller eit friskt debattinnlegg? Skriv til spelemannsbladet@folkemusikk.no.Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. Maks lengd per lesarbrev er 500 ord. Manusfrist for Spelemannsbladet 6-09 er 28. august.

Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk og -dans. Bladet kjem ut åtte gonger i året, og du kan følgje med i debattar, utgjevingar, fagartiklar og små og store hendingar frå heile landet! Spelemannsbladet, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, tlf. 907 68 797