Norsk kvedarforum har fleire tilskipingar i Lindemanåret. Halvor Håkanes og Eli Storbekken står for desse.

Det vert mellom anna miniseminar om Lindeman før årsmøtet 11.februar 2012. Dette tek til
klokka elleve, med innleiingar til samtaler. Her vil Astrid Nora Ressem frå Norsk Visearkiv holde foredrag om  "Sveigdalen, Lindeman og forskaren", medan Ragnhild Furholt tek for seg tilnærming og formidling av Lindemanoppskrifter.

Folketoneoppskriftene til Lindeman vart i si tid berga ut av det brennande huset hans. Etter brannen i Lindemanheimen natt til 30. november 1859 skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i Aftenbladet:

"Kan ikke netop denne ildebrand nu lyse saavidt op for os, at vi ser, hvilken Mand vi ejer i Ludvig Lindemann, og hvilken Skat han er i stand til at samle os, naar han gives Tid dertil? Disse Melodier, som Folket 'brænde inde med', burde gjennem snar tililende Hjelp reddes. Lad nu ham, som her har tabt sin Formue, faa den, han sætter den højeste Pris paa, nemlig Evnen til at samle og redde det norske Folks Historie i Musik."

- Dette er det dramatiske høgdepunktet i historia om den eineståande samlinga. Den som vil sjå dei dyrebare originalane i dag må ha ein god grunn, og bla med kvite hanskar under tilsyn. Heldigvis slepp vi å reise lange vegar til Nasjonalbilioteket i Oslo for å finne dei, fortel Jarnfrid Kjøk.

Kjøk trekkjer her fram Øystein Gaukstads "Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner. Tekster etter originalmanuskriptene i Norsk musikksamling" (Novus 1997), og "Noter etter originalmanuskriptene i Norsk musikksamling (Novus 2000). Desse bøkene får medlemmer i Norsk kvedarforum kjøpt billeg.

- Lindeman kom ikkje over heile landet eller inn i alle dalar, dessverre. Det kan vi seia i dag med transportmiddel som fører oss lett til og frå over alt. Lindeman gjekk til fots for det meste.

Konsertserien "I Lindemans fotefar" ved Ingvill Marit Buen Garnås for Norsk kvedarforum la nett  Lindemans samlarferder til grunn.

Kvedarane Ragnhild Furholt frå Agder, Ingvill Marit Garnås frå Telemark, Camilla Granlien frå Gudbrandsdalen, Sinikka Langland frå Finnskogen, Marit Mattisgard frå Valdres, Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal og Øyonn Groven Myhren frå Oslo framførde songar og fortalde frå det dei hadde funne ut om personane Lindeman skreiv opp etter.

Felleskonserten i Oslo Ladegaard 3.desember 2005 vart lydfesta av NRK og send som radioprogram nyttårsdagen 2006. Parvis hadde dei óg fleire lokale konsertar. 

I det doble  jubileumsåret 2012 vert det mellom anna eige kvedarseminar om Lindeman Oslo i september, med både kvedarverkstad og konsertar.

- Levandegjering av Lindemanstoff i ulike sjangrar er ein av konsertprogramideane. Lokale Lindemanprosjekt med kvedarar står sjølvsagt sentralt, eit døme er Ingvill Marit Buen Garnås om og med Lindemanoppskriftene etter Finkenhagensøstrene, fortel Kjøk. 

Sjølve Lindemandagen er 29.november 2012. Då vert det også seminar og konsert i kvedarregi. I denne lenka kan du bl.a. finne titlar på bøker om Lindeman, lese om samlarferdene hans og om nokre av dei han møtte. Heimesidene til Norsk Kvedarforum finn du som vanleg her.