Dømming av vokal folkemusikk

Debatten så langt
Ingvill Marit Buen Garnås drog i sommar i gang ein debatt om dømming i vokal folkemusikk. Fleire har engasjert seg i debatten. For Landslaget for Spelemenn er dette ein viktig debatt og vi er til ein kvar tid interessert i å få gode og nyttige innspel.

Det vil alltid og bør alltid vera debatt om dømminga på kappleikar. Det er viktig at miljøet har kanalar kor dei kan ytra kunnskap og meiningar om til dømes utviklinga innan sjangeren. Slike debattar er gjeldande i alle klassar og kunne like godt kome i dans eller spel.

Ein kjem kan hende ikkje utanom å måtte gi konkrete døme i ein slik debatt, ein skal likevel vera svært varsam dersom ein finn det naudsynt å nytta døme. Ved bruk av slike er det heilt avgjerande at dette ikkje vert for personleg. Dersom ein skal ha nyttige og fruktbare debattar er ein avhengig av å ha ein viss grad av objektivitet og at ein knyt døma til spesifikke kriterium.

Vi vil ta opp sentrale delar av debatten, klargjera vår rolle og forsøke å føre debatten vidare.

Styret si rolle i ein slik debatt

Fleire har kommentert styret si rolle og måten vi har gått inn i debatten. Styret i LfS har inga rolle i å overprøve dommarane sine avgjersler. Vi verken kan eller skal uttale oss om kva slags utøvarar som syng korrekt eller ei. Den oppgåva har dommarane.

Vår oppgåve er å laga regelverk, dommarskjema, retningslinjer og å velje ut og lære opp dommarar. For oss er det difor sentralt å få innspel som kan forbetre systemet slik at miljøet har tillit til at kriteria det blir dømt etter er i sentrum. Vi medverkar svært gjerne til ein prosess kor konstruktive debattar kring utviklinga innan sjangeren er i fokus.

Årets dømming

Delar av debatten har teke utgangspunkt i årets resultat og har kritisert dommarane basert utsegn frå dommarane i ulike fora. Vi har i etterkant vore i kontakt med alle som var domarar i vokal under årets NM, og finn ikkje grunnlag for å kritisera deira haldning til dømminga eller handlemåte. Å lage ein lang debatt basert på nokre få usegn i media og udokumenterte og seinare dementerte påstandar har lite for seg. Vi meinar at det mest fruktbare er å kunne leggja årets resultat bak seg og fokusere på ein generell debatt for å kunne sikre eit godt system for framtida.

Vi vil også minne om at poengsummar ikkje kan samanliknas mellom kappleikar. Poenga er eit arbeidsverktøy for domarane, og vil av den grunn variere mellom kappleikar og år. Høge poengsummar eitt år signaliserar ikkje at det var høgare kvalitet på deltakarane enn andre år.

Kriterium

Vi oppfattar at det stor semje mellom debattantane og oss om kva slags kriterium det skal dømmast etter. I botnen ligg den tradisjonelle songstilen. Utan ein tradisjonell songstil skal ein ikkje oppnå poeng innanfor vårt system og dersom ein nyttar element frå andre sjangrar skal ein trekkjast for dette.

Ueinigheita går på kor djup forståing ein må ha og om det er heilt klåre skilje mot klassisk og moderne songstil. Det er òg innspel om kor vidt formidling og kommersielle omsyn tel for mykje. Nokre innlegg peikar på at tradisjonsaspektet er for lite vektlagt eller i verste fall utydeleg.

Det er ulike lag i tradisjonen i ulike distrikt. Vi jobbar for dei eldste formene som vi kjenner til i kvart distrikt og vi ynskjer å halde i hevd eldre stiltrekk. I ein debatt omkring dømming må ein til ein kvar tid vera bevisst på dei store skilnadane ein kan finna mellom regionar. Skilnadane gjer at den tradisjonelle stilen gjer seg ulike utslag. Graden i bruk av eldre tonalitet kan vera eit døme på dette. Alle tradisjonar har ikkje like mykje av dei ulike stiltrekka ein finn innan den vokale folkemusikken.

Samstundes skjer det ei utvikling nettopp fordi folkemusikken er levande, og at ein stadig balanserar mellom fornying og bevaring. Vi peikar berre på at det kan vera vanskeleg å fastslå grensa mellom det å ta med seg det gamle inn i det nye og det å berre laga nytt. Her opplever vi at ulike miljø kan væra fagleg ueinige om kor grensene går.

Vi vil også påpeike at evna til formidling er eit av kriteria på dommarskjemaet, og skal dermed vera utslagsgjevande når utøvarane elles står likt basert på ein tradisjonell songstil. Formidling er viktig når vi ein gong har løfta songen ut or sin tradisjonelle samanheng og opp på ei scene. Graden av vektlegging av dette kan ein openbart diskutere, men vi meiner at ein må legge vekt på evna til formidling.

Vi er einige i at kappleikane er eit verktøy for å halda standard og kvalitet i folkemusikken, og slik verkar kappleikane konserverande. Kappleiken er ein kontrollinstans innanfor folkemusikkfeltet, og er med å styrer utviklinga innan sjangeren.

Dommarskjemaet

Styret har også fått eit konkret forslag frå to utøvarar om at det skal setjast ned ei gruppe som skal revidere dommarskjemaet. Dette vil bli handsama av styret seinare i haust. Vi har og sett konkrete innspel på forenkling av dommarskjemaet slik som å dele inn i 1) innsikt i stil og 2) formidling. Ein kan her også sjå til dommarskjemaet i spel som har kategoriane 1) teknikk og 2) innhald. Å endre på dommarskjemaet er ein moglegheit som følgje av ein slik diskusjon, men i så fall bør ein ha ei klår meining om at dette er rette vegen å gå. Vi vil gjerne vite om det er fleire som støttar dette forslaget.

Enkelte innlegg tyder på at skjemaet er vanskeleg å forstå. Det er eit poeng at skjemaet skal vera generelt slik at det kan brukast på vokal folkemusikk frå heile landet. Skjemaet bør ikkje være så spesifikt at det uttalar seg om spesielle kjenneteikn med ulike område, også fordi variasjonen kan vera like stor i eit distrikt som mellom ulike distrikt.

Utval av dommarar

Det er påpeika at det er mange dilemma rundt det å vera deltakar og dommar. Dommarane må ha god sjangerkunnskap. Mange dommarar har gått på dommarkurs, men dei fleste blir valde på bakgrunn av generell innsikt, breidde i kunnskapen og erfaring.

Vi ser at det er vanskeleg å utdanna dommarane meir enn i dag. Erfaringa seier at det er få som er interesserte i å gå på dommarkurs når vi lyser ut slike. Viss denne debatten gjer at folk gjerne vil stille på dommarkurs, er det utmerka. Men dommarkurs vil aldri åleine vera nok for å sikre god kompetanse blant dommarane.

Vi ønskjer at yngre folk også skal vera dommarar, også på Landskappleik og NM. Ein skal ha folk med ulike perspektiv representert i domarpanela. Alle skal sjølvsagt dømme etter dei uttrykka vi ønskjer å fremje. Bakgrunnen til alle dommarar blir vurdert før dei vert spurde. Relativt unge utøvarar som har studert emnet kan ha ein vel så brei kunnskap som eldre utøvarar som i liten grad har sett seg inn i andre tradisjonar. Rekruttering til dommarstanden må sikrast tidleg. At også aktive kappleiksdeltakarar stiller opp som dommarar meiner vi er ei styrke for miljøet og vi har også inhabilitetsreglar som bør hindre problem rundt dette.

Vegen vidare

Vi har notert oss andre typar forslag som å la Landskappleiken ha ein Meisterarena utan tevling. Dette kan skjerpe domarane og utvikla eit lyttande øyra for deltakarar og publikum. Dette er eit interessant forslag som vi tek med vidare, men vi vil påpeika at mange av dei attendemeldingane vi får går på at Landskappleiken allereie har eit for stort omfang.

Vi gler oss til ein vidare debatt og håpar på gode innspel som kan hjelpe oss i gjera systemet betre. Vi ønskjer at fleire kjem med gode innlegg med fokus på konkrete forslag. Kanskje er det grunnlag for å arrangere eit seminar om temaet?

Til slutt vil vi berre minne om at det vi driv med er ”kappleik”, og i det ligg det like deler kapping og leiking. Når ein tevlar i musikk, må ein ta innover seg at ein ikkje har hundre prosent objektive kriterium.
 

Nils Øyvind Bergset
Leiar i LfS

Solbjørg Tveiten
Nestleiar i LfS