Arbeidet med bladet tok til for over eit år sidan, i samband med arbeidet med samanslåinga av Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag.

- Det kjennest godt å vera i mål. Vi har arbeidd lenge med det redaksjonelle innhaldet og er litt slitne, fortel Bråten.

- Kva er målsetjinga med det nye bladet?

- Det er fleire målsetjingar. Bladet skal ikkje minst vera eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium generelt. Per i dag er norsk folkemusikk lite omtala i norske aviser. Det som står, er ofte tilfeldig og smått. Nettopp difor er det avgjerande at det finst eit eige blad som tek for seg feltet på ein seriøs måte. Noreg treng eit folkemusikkblad, seier han.

Folkemusikk skal også presentere folkemusikk og folkedans i vid forstand. I den ferske utgåva er det reportasje om Bygda dansar, om den jødiske klezmermusikken og eit portrett med folkemusikkomponisten Lasse Thoresen.

- Vi vil synleggjera både den norske folkemusikken, men òg kulturuttrykka til bortgøymde sjangrar og minoritetar. Desse høyrer naturleg heime innanfor folkemusikkomgrepet. Då er det også naturleg at vi skriv om musikken og dansen deira, seier Bråten.

Folkemusikk - Framside 1-10 lite
Framsida på den fyrste utgåva av Folkemusikk

Debatt blir det også.


- Folkemusikk og folkedans er framleis eit underkommunisert felt. Kulturdebattane i dei store riksavisene tek sjeldan opp folkekulturelle problemstillingar. Nettopp difor er det viktig å halde oppe debatten om folkemusikken og folkedansen.

- Nokon meiner det blir diskutert for mykje?

- Kanskje vi diskuterer feil tema. Det er også opp til miljøet sjølve å engasjerer seg. Det er ein kjensgjerning at tause miljø ofte blir gløymt. Og det vil vi vel ikkje?, spør Bråten.

Det nye bladet får fleire sider enn gamle Spelemannsbladet, 52 mot tidlegare 32. Det betyr fleire seksjonar og artiklar som går i djupna. - Det er viktig å presentere fagstoff og forsking frå feltet i mykje større grad enn i dag. Dette vil vi gjera gjennom ein eigen seksjon, seier Bråten

Bente Riise, redaktør i Syn og Segn har vore med som konsulent. Det er designfirmaet Millimeterpress ved grafikar Lise Myhre som har utarbeidd ny logo og design.

Bladet Folkemusikk er i dag det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande og arbeider etter Redaktørplakaten. Det er Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg som er utgjevar av bladet. Bladet Folkemusikk blir gjeve ut med økonomisk stønad frå eigaren og frå Norsk kulturråd, gjennom årleg tidsskriftstøtte og nynorskstøtte. I tillegg kjem inntekter av sal av abonnement og annonsar. Eigeninntektene til bladet utgjer ikring 70 % av dei totale inntektene.
 

NB I: 

Bladsleppet blir på Riksscenen i Oslo torsdag 25. februar frå kl. 20.00 i samband med konsert med Bruce Molsky og Annbjørg Lien.

 

NB II:

Åpningstilbod for nye abonnentar for 2010 -  Kun 200,-!  Abonnér her

 

Treng vi eit folkemusikkblad i Noreg
 Ja
 Nei