Marta Lindvik frå Hallanger, Aurora Aarhus frå Opheim og Eirin Tjoflot frå Hovland ynskjer alle velkomne til Den Grøne Kafe i Ulvik 27. april og til Ekspedisjonen på Lofthus 28. april.

- Me er elevar i kulturskulane Ulvik og Ullensvang. og medlemmer i Hardanger spelemannslag. Åsne Kvalnes, Marte Kvalnes og Silje Østraat, som me spelar saman med i juniorlaget, vil også vera med oss på konsertane, fortel dei unge eldsjelene.

Gode gjesteartistar har dei òg: John Ole Morken på fele/hardingfele og gitar, Lajla Renate Buer Storli med song og hardingfele, Annlaug Børsheim på hardingfele og song, Alexander Aga Røynstrand på hardingfele og Anita Bråvoll på trekkspel og toradar.

- Publikum vil få oppleva ein fantastisk variert og god konsert, seier dei tre, som òg vil takke samarbeidspartnarane Ulvik kulturskule, Ullensvang musikkskule og Hardanger Spelemannslag.

Inngangsbiletten er 100 kroner for vaksne, og 50 kroner for born. Konsertane finn stad på Den Grøne Kafe i Ulvik 27. april, klokka 20 - og på Ekspedisjonen på Lofthus, 28. april, klokka 20.

Interesserte kan lese meir om Den Grøne Kafé her. Du kan òg lese om Ekspedisjonen i Lofthus på denne lenka. Du finn meir informasjon om Hardanger Juniorspelemannslag på denne sida.