Kvart år deler interesseorganisasjonen for folkemusikk- og folkedans i Norge, FolkOrg, ut pris til eit spelemannslag og ein folkemusikkarrangør som på kvart sitt vis har utmerkt seg spesielt.

Årets lokallag

I år går prisen til årets lokallag til den som har gjort eit spesielt godt arbeid for revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar, og dei nominerte til prisen for årets lokallag i FolkOrg er Eiker spelemannslag, Hardanger spelemannslag og Naustedalen spelemannslag.

- Spel- og danselaga gjer ein stor innsats for å ta vare på og formidle sine folkemusikk- folkedanstradisjonar, og er særs viktige for å halde tradisjonane levande. Dei nominerte til årets spelemannslag har gjort ein særskild god innsats for dette, seier Marit Vestrum som har ansvaret for lokallag og arrangørar i organisasjonen.

Årets folkemusikkarrangør

Dei nominerte til prisen for årets folkemusikkarrangør er Riksscenen i Oslo, Vågå spelemannslag i Våga og Trad Sessions i Fredrikstad.

- Dei tre nominerte viser ei stor bredde innan formidling av folkemusikk og -dans på scene og dansegolv, og har på kvart sitt vis utmerkt seg over fleire år. Arrangørane har etablert eit godt arrangørapparat, stabilt publikum og  viser stor formidlingsglede, seier Vestrum.
   
Dei to prisane blei oppretta i 2012, og tidlegare vinnar av prisen for årets lokallag er Seljord Spelemannslag for sitt arbeid for rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og –dans. Årets folkemusikkarrangør blei i fjor folkemusikkscena Columbi Egg i Bergen.

Kvar pris er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under FolkOrg sitt årsmøte som går føre seg på Hamar 26.-28.april.
 

Fram mot årsmøtet kjem Folkemusikk.no til å presentere kvar enkelt nominert. Følg med!