Musikarane i Famn møttes på kurs ved Ole Bull Akademiet, og har sidan jobba fram eit repertoar der fleire sjangrar møtes. Lydbiletet blir av gruppa sjølv beskriva som "melankolsk og vart, men også energisk og leikande".
Famn seier dei legg vekt på å få fram det enkle og melodiøse ved musikken, samstundes som dei eksperimenterer med meir nyskapende musikalske arrangement.
Stamma for repertoaret er hovedsaklig henta frå Lajla Buer Storli og John Ole Morkens kjernerepertoar, Lajla sitt frå Hardanger og John Ole sitt frå Trøndelag. Famn har også teke tak i nokså ukjende tekstar og melodiar. I tillegg har gruppas etter kvart skrive eiget originalmateriale.
Etter lang tid med øving hadde Famn sin debutkonsert i Oslo i mars 2011, og ein opptreden på Riksscena for folkemusikk i mai same år. I oktober 2011 hadde de sin debutturné på Vestlandet i Hardanger.
- Vi vil formidle god musikk og gi gode musikalske opplevingar, og bevare tradisjonane i norsk folkemusikk, seier dei. - Vi vil og gjerne gjere folkemusikken tilgjengelig for eit større publikum - og utforske konsekvensane av møtet mellom dei forskjellige sjangrene.
Slik ser turnéplanen i mars 2012 ut:
- 16. mars, kl. 20:00 – Stugudal kapell, Stugudal
- 17. mars, kl. 21:00 – Galleri Thomasgaarden, Røros
- 18. mars, kl. 18:00 – Stentrøstuggu, Ålen
Interesserte kan lese meir om Famn på denne heimesida. Du finn Facebook-sida deira ved å gå hit.