– Det er lenge sidan vi har jobba saman, vi held jo til på ulike kantar av landet. Men når vi kjem saman, oppstår det noko nytt, nesten som å få eit nytt instrument i hendene. Det var veldig kjekt å bli spurt om dette, seier storebror Ola Bremnes til nettsidene til Dei Nynorske Festspela.

Søskena er no ferdige med tre av fire konsertar dei skal ha saman i år. Etter fulle hus og ståande applaus i Tromsø, Harstad og Bodø, er det Ørsta og Dei nynorske festspela som står for tur.
           
Konserten byd på gjenhøyr med materiale frå dei tre platene søskena har gitt ut i lag. Men det blir plass til nye ting også. Samarbeidsoppdrag som dette gir dei høve til å arbeide med idear som den eine eller andre av dei har hatt liggande i bakhovudet.
 
Ola Bremnes ler hjarteleg på spørsmål om han kjenner seg særskild heime i årets festspeltema.

– “Kjærleik” er sjølvsagt eit uttømeleg tema. I denne samanhengen handlar det vel for vår del mykje om søskenkjærleik. Vi jobbar godt i lag, og diskusjonane våre skjer i ei god ånd. Vi er heldige som har det slik.
 
Men kjærleiken har snike seg inn i mang ei Bremnes-vise òg. Det er nok litt av grunnen til at så mange kjenner seg trefte av songane deira. – No er ikkje oppdraget vårt å undersøkje kjærleiken frå alle kantar, men den er jo ikkje alltid lett og glad. Kjærleiken har også sine såre og sky sider, seier Ola Bremnes.
           
Bandet for dagen består av Bengt Hanssen, Børge Petersen-Øverleir, Gjermund Silset, Martin Windstad og Nils Økland. David Solheim styrer lyden og Tor Ditlevsen lyset.

  • Torsdag 23. Juni 21.15–22.45 Utescena, Aasen-tunet         
    OPNINGSKONSERT: Kari, Ola og Lars Bremnes
    Kr 350 / honnør, student og kulturrabatt for ungdom 250

Teksten er henta frå nettsida til Dei Nynorske Festspela, som interesserte kan finne på denne lenka. Festspela tek til i dag, torsdag 23. juni, og varar fram til søndag. Festivalen held til midt mellom Ørsta og Volda, og blir i år arrangert for tjuande gongen.