Teikninga må leverast i Gullbring kulturhus – anten personleg eller pr. post. Hovudvinnaren blir trukke 11. juli – og premien er festivalpass for heile familien, inkludert søsken og foreldre.
Alle teikningane blir stilt ut i Galleri Stadskleiv under konserten – og det vil bli trukke fleire premiar.
Det nye verket til Jon Rørmark vil bli framført i Gullbring kulturanlegg laurdag 23. juli klokka 17. Verket er heilt nytt, og skrive på bestilling av Telemarkfestivalen. Det er Jon Rørmarks Sirkusorkester som vil framføre det saman med kvedaren Camilla Granlien.
Verket er inspirert av Alf Prøysens ”Blåbærturen” – men er eit heilt eige og nytt verk som vil ta lyttarane med på ein blåbærtur med multiinstrumentalisten (og latterprodusenten)Jon Rørmark.
Vi tek også med at det er Eli Prøysen som skal opne den 22. Telemarkfestivalen – der ho m.a. vil fortelle om faren sitt forhold til folkemusikken.
Opningskonserten ”Prøysenfolk” er ei bestilling til årets Telemarkfestival, der fem av dei beste kvedarane og songarane i folkemusikkmiljøet er bede om å tolke to Prøysenviser kvar.
Det er Jon Solberg og Ni Liv som skal arrangere visene for dei, i samarbeid med Oddbjørn Aase og Anders Røine.
Interesserte kan gå vidare til heimesida til Telemarkfestivalen på denne lenka. Adressa er Telemarkfestivalen, Gullbringvegen 34, 3800 Bø.