- Ein auke på 70 % frå i fjor i den totale billettomsetninga, er sjølvsagt svært gledeleg, skriv dei nøgde arrangørane i Haukelisterfestivalen, som i år gjekk føre seg frå 9. til 12. juni.
Heile ni konsertar fordelt på tre turnear blei unnagjort i førekant av festivalen - frå Sigdal i aust til Osterøy i vest og innom fire ulike fylke. Dei best besøkte konsertane på festivalen var Ottar Kåsa sin Arabygdi-konsert, Hardangerkvelden, konserten med Tindra og Gullgutane frå Suldal og Grovenkonserten til Stein Versto.
- Vêret toppa seg laurdagen, den dagen då det føregjekk mest. Eit damlognt Ståvatn spegla snokledde vårfjell, og Haukeliseter fekk vist seg fram frå så beste side. Mykje folk samla seg då dei tre kursa - munnharpe, hardingfele og kveding - heldt kurskonsert i vasskanten. Alt i alt deltok mellom 30 og 40 i på dei ulike kursa, cidersmakekurset unnateke, seier arrangørane.
Også kveldane og nettane med det heilt spesielle natteljoset laga ei storslått ramme omkring arrangementet, noko deltakarane, både artistar, friviljuge og publikum visste å setje pris på.
- Det var mildt sagt vanskeleg å koma seg til sengs. Dans tre kveldar på rad med stor stemning i Nansensalen, blei fylgd opp med "nachspiel" i ein ny trelavvo eller i badestampen.
- Pilgrimsvandringa på sundag hadde omkring 20 deltakarar, og det var stor semje om at dette bør bli ein årleg sundagstradisjon i samband med festivalen, sluttar pressemeldinga.
Interesserte kan gå vidare til heimesida til Haukeliseterfestivalen på denne lenka. Her finn du òg bilete frå festivalen, nærare informasjon om Haukeli Fjellhytte, og mykje meir.